Militærøving 23. juni–14. juli

Informasjon om øvingane til dei belgiske spesialstyrkane i samband med at forsvaret har militærøvingar i Hardanger, på Voss og Osterøy fram til 14. juli. 

Informasjon om øvinga til dei belgiske spesialstyrkane.

Øvinga finn stad på lokasjonar i Alver, Eidfjord, Kvam, Modalen, Osterøy, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal og Voss og føregå i perioden 23. juni – 14. juli 2025. I tidsrommet vil det vera om lag 300 personar i frå det belgiske forsvaret fordelt i ulike felt og øvingsoppdrag. Hovudbasen og hovudleir vil liggja ved Bømoen leir (Voss herad).

Aktivitet 14. juli 2025

Heimtransport av personell. Militært personell vil bli transportert ut av øvingsområda. Dette markerer avslutninga på den militære øvinga i regionen.

 

Bergenhus heimeverndistrik tek imot ein belgisk spesialstyrke på 200 mann.  Dei kjem til å bruka fasilitetane på Bømoen på Voss.  I denne perioden vert det ferdsel med småbåtar på fjorden og øvingar på land. Aktiviteten på land kjem til å verta understøtta av nokre lastebilar og feltkøyrety. Ein må rekna med noko luftaktivitet som lågtflygande helikopter. 

I Kvam er det i hovudsak fjorden som kjem til å verta nytta. Der må ein rekna med ferdsel med militære småbåtar både nattetid og på dagen.

Kunngjering av øvinga frå statsforvaltar

Til grunneigarar i Alver, Eidfjord, Kvam, Modalen, Osterøy, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal og Voss

Forsvarets Operative Hovudkvarter rekvirerer lende i dei nemnde kommunane til gjennomføring av øving «Yellow Condor 2025» i perioden 23. juni–14. juli 2025.

Med bakgrunn i Forsvarets øvingsprogram for 2025, kjem det til å verta gjennomført øving med ei avdeling allierte styrkar på ca. 200 personar i nemnde tidsrom. Bergenhus heimevernsdistrikt (HV-09) er lokal vertsavdeling. Avdelinga kjem til å nytta infrastruktur og fasilitetar på Bømoen på Voss, men det er og lagt opp til aktivitet utanfor militære øvingsfelt.

Områda som skal nyttast er fjordområda nord for Osterøy, mellom Bjørsvik, Bolstad og Modalen. I tillegg Hardangerfjorden, mellom Tysnes, Osa og Eidfjord.

Øvingsaktiviteten inneber ferdsel med småbåtar på sjøen og til fots i lende. Som ein del av aktiviteten på land vert det òg  nytta køyretøy. Ein må rekna med noko luftaktivitet i form av lågtflygande helikopter og fallskjermhopp.

Det vert aktivitet om natta. Forsvaret ber publikum om å ikkje å søkja kontakt med dei øvande styrkane, om ikkje situasjonen gjer det naudsynt. Grunneigarar vert oppmoda om å merkja bommar tydeleg med kontaktinformasjon, slik at Forsvaret kan kome til innanfor dei rekvirerte områda.

Kontakt

Øvingsleiinga kan kontaktast via operasjonssenteret til HV-09: Tlf: 55 54 63 55, epost: hv.hv-09.ops@mil.no. Nærare informasjon om aktiviteten kan fåast ved å kontakte major Karl Johan Staff, tlf. 476 42 826, e-post: kastaff@mil.no

Melding om tap eller skade som følgje av øvingsaktiviteten kan rettast til operasjonssenteret til HV-09.

Heimel for rekvisisjon

Heimel for rekvisisjon av øvingslende er gitt i lov om militære rekvisisjoner (rekvisisjonslova) med tilhøyrande forskrifter, og lov om motorferdsel i utmark og vassdrag (motorferdselslova, § 4). Erstatning for tap og skade forårsaka av øvinga vert ytt i samsvar med føresegnene i rekvisisjonslova av 29. juni 1951

Illustrasjonsbilete øving marinejegarar - Klikk for stort bileteMilitærøving Hunter Dixon

Artikkelliste

Viser 621-630 av 701 artikler, side 63 av 71