Ny barnevernleiar i Kvam

Line Cecilie Åsvang er tilsett som ny barnevernleiar i Kvam. Ho tek til 22. juli. 

Åsvang er 38 år og kjem frå Fusa. Ho har solid erfaring frå arbeid i barnevernet, både som sakshandsamar og som barnevernleiar. Ho har ein bachelor i sosialt arbeid og vidareutdanning innan familieterapi og rettleiingskompetanse. Ho heldt no på med nasjonal vidareutdanning i barnevernleiing. 

Noverande barnevernleiar Torill Svendsen har sin siste arbeidsdag i Kvam herad 3. mai. I perioden fram til Åsvang byrjar er Kjersti Kloløck konstituert som barnevernleiar, og Mari Arnesen vil fungera som nestleiar. 

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.