- For nokre born og unge kan støttespelarane bety alt

Illustrasjonsbilete: Gode støttespelarar kan vera viktige for born og unge som ikkje har det tryggast på heimebaneBarn og unge som driv med idrett skal oppleva eit trygt miljø og gode rollemodellar. – Me vil hylle støttespillerne for den viktige jobben dei gjer i idretten, seier Randi Hagen Eriksrud, som er generalsekretær i alkovettorganisasjonen Av-og-til.

Kvam herad er ein av mange Av-og-til-kommunar. I årets idrettskampanje frå organisasjonen ynskjer Av-og-til å syna idretten kor viktige dei er, og samstundes setja dei i stand til å gjera ein endå betre jobb for borna. Dei lanserer difor ein ny nettportal med nyttig informasjon til trenarar, lagleiarar og foreldre som stiller opp for borna i idrettslaget.

Nettportalen inneheldt:

  • Minikurs med idrettsprofilar som fortell om korleis dei arbeider for å skapa trygge rammer og gode prestasjonar. Tidlegare landslagstrenar i handball Marit Breivik fortel om viktigheita av eit godt støtteapparat og gode støttespelarar, fotballtrenar Hege Riise snakar om motivasjon og Sondre Bulle snakkar om alkohol og idrett.
  • Rettleiingsmateriell og nytttige verktøy som kan nyttast i arbeidet med å skapa ein trygg klubb for born og unge.
  • Tilgang til materiell som brosjyrer, draktmerker, nøkkelband og drikkeflasker. 

Dei lanserer også eit nytt nyhetsbrev som skal sendast ut fire gangar i året, og som gjer deg tilgang til gode verktøy til korleis du kan vera ein god støttespelar for borna. 

Overslag frå Folkehelseinstituttet syner at 90.000 born veks opp i heimar der minst ein av foreldra slit med alkohol. Det tyder at mange born kjem på trening og kamp berande på vonde løyndomar heimefrå.  

– Som støttespelar i idretten er du i ein unik posisjon til å kunne fanga opp dei borna som kanskje ikkje har det så lett heime. Du kan rett og slett bli heilt avgjerande for desse borna si framtid, sier Randi Hagen Eriksrud i Av-og-til.  

Eining for alkohol og servering i Kvam herad vil stå på stand saman med Av-og-til under Øystese Cup