Miljøretta helsevernMiljøretta helsevern er ei lovpålagt oppgåve heimla i Folkehelselova, kapittel 3. Miljøretta helsevern omfattar dei faktorar i miljøet som til ei kvar tid direkte eller indirekte kan ha innverknad på helsa. Desse omfattar mellom anna biologiske, kjemiske, fysiske og sosiale miljøfaktorar Miljøretta helsevern (MHV) er fleire ting: utøving av mynde tilsyn og godkjenning råd- og rettleiingsteneste samt å bidra til at helseomsyn vert følgt opp i areal- og samfunnsplanlegginga MHV omfattar: Vassforsyning Avløpsvatn, vassureining Avfall og renovasjon Vektorkontroll Ureining av grunn Næringsmiddelhygiene- mat Luftureining Stråling (radon, solarium) og elektromagnetiske felt Støy Helsetilhøve ved bustader, offentlege bygg og institusjonar (barnehage, skule, frisør/solarium/ hudpleie mm, overnattings- og serveringsstader, institusjonar) Helseaspekt i planlegging Helse i samband med transport Ulykkesførebygging, inkludert beredskap for transport ulykker Offentleg rekreasjon og turisme (campingplassar, svømmebasseng, friluftsbad.) Sanitære tiltak ved epidemiar, katastrofar og liknande Omgjevnadshygiene generelt Sosiale miljøfaktorar Ernæring Miljøretta helsevern skal vera eit sikkerheitsnett der anna lovverk ikkje regulerer eller anna myndigheit ikkje har heimel. Her kan du lesa meir om Miljøretta helsevern: Helsedirektoratet Folkehelselova, kap 3 Publisert 04.01.2018 15:40