Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Kartverket skal flyfotografere Dei næraste månadane kan du treffe på landmålarar som målar kvite firkantar på bakken. Ta dei godt imot, og la merka vere i fred. Desse fastmerka skal ...
TEMAKAFÉ - for kreftramma, pårørande og etterlatne Velkommen til temakafé onsdag 24. april på Toloheimen kl 18 -20
Straumstøtteordning for lag og organisasjonar Føremålet med ordninga er å motverke negative konsekvensar av høge straumpirsar i frivillig sektor. Søknadsskjema for fyrste kvartal opna kl 9 17. apr...
Endring i gebyr på feiing og tilsyn Gebyr for feiing og tilsyn med fyringsanlegg blir endra frå 1. januar 2024.
Demokratiopplæring for ungdom på rådhuset Tysdag 9.4 og fredag 12.4 var heradstyresalen på rådhuset satt av til demokratiopplæring av ungdom i Kvam.
Har du innspel til kommunen sin planstrategi? Etter plan- og bygningslova skal heradsstyret minst ein gong kvar valperiode, og seinast eitt år etter konstituering utarbeida og vedta ein kommunal p...
Alkoholpolitiske retningsliner 2024-2028 Høyring av retningsliner. Dei gjeldande alkoholpolitiske retningslinene skal no reviderast, og det nye heradsstyret skal vedta nye retningsliner før s...
Tilskottsordning for innsamling og registrering av stadnamn Språkrådet forvaltar ei tilskottsordning for innsamling og registrering av stadnamn. Midlane er avsette istatsbudsjettet, og i år er det 1 540 000 kro...
Tilskot til kulturminne i Kvam 2024 Eigarar av kulturminne i Kvam kan søkja kulturtilskot til vedlikehald og tiltak knytt til kulturminna. Kulturminna må vera registrerte på «gul liste» ...
Veginfo Fitjadalsvegen, Øystese Prosjektet: Vegutviding, fortau og VA fører til at Fitjadalsvegen vert stengt i tidsrommet kl 7 - 15 alle kvardagar etter påske.