Endring i gebyr på feiing og tilsynGebyr for feiing og tilsyn med fyringsanlegg blir endra frå 1. januar 2024. Kvam brann og redning Skattedirektoratet har i ei prinsipputtalelse i februar 2024 konkludert med at kommunane ikkje skal berekna meirverdiavgift på gebyr for lovpålagt feiing og tilsyn med fyringsanlegg. Dette gjeld frå og med i år (2024).Denne endringa gjeld for alle kommunane i landet, etter at Skattedirektoratet har gjort ei grundigare vurdering om feiing og tilsyn med fyringsanlegg blir omfatta av unntak i meirverdiavgiftslova.Konklusjonen til Skattedirektoratet kan du lese her: Merverdiavgiftsloven § 3-9 – Offentlig myndighetsutøvelse mv. - SkatteetatenSkattedirektoratet har gitt uttrykk for at det ikkje er grunn til å endre frådragsføring av kostnadar (for feiing og tilsyn) for tidlegare år. Kvam herad har derfor valgt å ikkje tilbakebetale innkrevd merverdiavgift frå tidlegare år, men betalar tilbake meirverdiavgift til dei som har betalt dette i 2024. Det vil gjelde dei som får 4 eller 12 faktura i året. Dei som har 1 eller 2 faktura i året har fått rett beløp på faktura i april.Ein eigedom med ei pipe/løp og 4 faktura i året vil få tilbakebetalt kr 30,-. Ein eigedom med 12 faktura i året vil få tilbakebetalt kr 20,-. Desse beløpa vil verta trekt frå på komande faktura. Nye gebyrsatsar for feiing og tilsyn 2024:Gebyr for tilsyn med fyringsanlegg kr 480,00Gebyr for tilsyn med fyringsanlegg fleire piper/løp kr 240,00Gebyr for tilsyn med fyringsanlegg fritidsbustad kr 480,00Timepris for feiing kr 392,00 Publisert av Connie Langeland Sist endra 19.04.2024 12:48