Veginfo Fitjadalsvegen, Øystese

Prosjektet: Vegutviding, fortau og VA fører til at Fitjadalsvegen vert stengt i tidsrommet kl 7 - 15 alle kvardagar etter påske.

bilde av skilt med info om vegstenging i Fitjadalsvegen - Klikk for stort bilete

 

GBS Entreprenør AS skal på vegne av Kvam herad oppgradere Fitjadalsvegen i Øystese.
I tillegg til oppgradering av veg skal det skal etablerast fortau på heile strekket og deler av strekket skal få nye leidningar for vatn og avløp.

 

Arbeidet krev at Fitjadalsvegen blir stengt på kvardagar etter påske.
Måndag til fredag i tidsrommet kl 07 - 15.
Ope elles.

 

Omkøyring under stenging

Leitesdalen kan nyttast som omkøyring under stenging, men merk at vegen er ikkje eigna for større køyretøy.

Oversikt periodar

  • 8. april – 5. juli: Øvre del stengt forbi arbeidsområdet
  • 6. juli – 4. august: Sommarferie og fri ferdsel
  • 5. august – 30. september: Øvre og nedre del stengt forbi arbeidsområdet

 

Det kan pågå arbeid utanom stengetid, korte stopp må påreknast.

 

Gåande og mjuke trafikkantar 

Kan passera langs med arbeidsområdet sjølv om bilvegen er stengt,  ein oppfordrar derimot å nytta gangsti gjennom Torebøen. 
Dette gjeld særskild for born på veg til og frå skule.

 

Kartutsnitt med oppmerking av Fitjadalsvegen og Torebøen - Klikk for stort bilete GBS

 

Spørsmål om vegstenginga kan rettast til

GBS entreprenør AS 
Tlf. 56 55 56 49