Kartverket skal flyfotografere

Dei næraste månadane kan du treffe på landmålarar som målar kvite firkantar på bakken. Ta dei godt imot, og la merka vere i fred. Desse fastmerka skal brukast når kommunen blir flyfotografert.

Bilde av fastmerke, ein kvit firkant på asfalt, med ein nydeleg natur av fjord og fjell i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteSlike signalerte fastmerke vil vere eit vanleg syn i vår. I utmark er fastmerket ofte ein bolt i fast fjell. Utpå eit jorde t.d. blir ei kvit papplate montert på bakken. Signalerte fastmerke er nødvendige når vi tar flyfoto av terrenget Pers Oppmåling. Kartverket

 

I Kvam gjeld det området i Hamlagrø.

Det er eit sikkert vårteikn å treffe på ein landmålar som målar inn fastmerke i nabolaget, på gangstien eller heilt utpå jordet. Merka er kvite firkantar, enten kvitmåla eller i form av plater montert på bakken. 

Uventa gjester på besøk

Hæ? Kan du få folk med landmålingsutstyr og malingsspann i neven inn i hagen din? Huset og hagen din får du ha i fred. Men eig du ein veg eller annan eigna stad for «signalering» som det heiter på fagspråket når ein sett opp fastmerke for å måle inn flyfoto, kan det hende du får gjester på eigedomen din.

Matrikkelloven gir lovfesta rett til å plassere signal på privat og offentleg grunn. Du skal kunne rekne med at landmålarane tek omsyn når dei jobbar.

Vårens vakraste oppdrag

Det er opphaldsvêr og tørt terreng. Etter å ha funne flat og fast grunn og rydda bort forstyrrande vegetasjon, set landmålaren i gong med å hamre inn ein høveleg spiker.

Fram med målarkosten og kvitmalinga. Spikaren skal signalerast og målast inn. Ein kvit firkant med tydeleg ramme rundt blir måla på bakken, og landmålaren målar inn fastmerket med sitt utstyr.

No skal flyet ha fri sikt inn til den kvite firkanten. Klart til å kartlegge.

Takk for hjelpa!

Plasseringa til fastmerka er planlagt på førehand, men nokre tilpassingar må landmålarane gjere i felt. Alle merka må plasserast der det er føremålstenleg for kartlegginga.

– Det er svært viktig at fastmerka får vere i fred. Takk for at du ikkje dekk til, flyttar på eller øydelegg dei kvite firkantane. Dette er fellesskapets ressursar i arbeid. Vi vil alle nyte godt av å ha oppdaterte kart når landmålarane er ferdige og flyfotograferinga er gjennomført, oppmodar Jon Otter Skaaret i Kartverket.

Her skal det fotograferast

Kartverkets verksemd innan flyfoto til lands er i hovudsak delt i to aktivitetar. Det eine skjer gjennom Geovekst-samarbeidet, der 15.000 – 16.000 km2 skal fotograferast i 2024.

Det andre er den rullerande fotograferinga som skjer over heile landet. Der skal 127.000 km2 fotograferast i 2024.

Vil du sjå huset ditt frå lufta, finn du dette på Norge i bilder. Her kan du òg bla deg gjennom ulike bilde-lag som syner flyfoto frå ulike tidsepokar.

 

bilde av festemerke, kvit firkant på asfalt, blant høge snødekka fjelltoppar - Klikk for stort bilete Pers Oppmåling, Kartverket

Fakta

Fastmerke

  • Fastmerka er signalerte punkt som er nødvendig når vi tar flyfoto av terrenget.
  • Signaleringa består av kvite firkantar, anten kvitmåla eller i form av plater montert på bakken. I utmark er fastmerket ofte ein bolt i fast fjell.
  • Merka målast inn av landmålarar.
  • Nye kvalitetskrav gjer mange eksisterande fastmerke ubrukelege. Det betyr endå fleire nymåla firkantar rundt om i landet i åra framover.
  • Matrikkelloven gir ein lovfesta rett til å plassere signal på privat og offentleg grunn.

 

kartverket logo - Klikk for stort bilete