Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Fylket gjev tilskot til naturarrangement for ungdom Vestland fylkeskommune arbeidar for å få ungdom til å fullføra vidaregåande opplæring. Dei gjev tilskot til friluftlivarrangement for ungdom. Søk inna...
Det vidare arbeidet med Fosse-senter i Strandebarm Det vidare arbeidet med Fosse-senteret skal opp i formannskapet 31. januar og heradsstyret 7. februar.
Nye krav til tekstilavfall Frå 1. januar 2025 har kommunane ansvar for å tilby innsamling av klede som er ueigna for ombruk.
Ny løysing for leige og lån av lokale No har endeleg Kvam herad fått ei samla plattform for lån og leige av lokale, utstyr og uterom – Aktiv kommune
Miniseminar og dialogmøte med næringslivet Kvam herad inviterer næringslivet til miniseminar og dialogmøte om aktueller saker for næringsdrivande i Kvam.
Søk om tilskot frå viltfondet Det kan søkjast om tilskot frå Kvam viltfond til viltrelatert arbeid i heradet.
Søknad om tilskot til tiltak i beiteområde Lag eller foreiningar som driv næringsmessig beitedrift og som investerer i beiteområde, kan søkja om tilskot.
Vurderer du ny karriere? Menn i helse har ledige plassar i for deg som kan tenkja deg å byrja jobb innan helse og omsorg.
Opning av BUA Kvam torsdag 9. januar Velkomen til opning av BUA Kvam torsdag 9. januar klokka 17 på adressa Øvre Vik 3 i Øystese. Det vert offisiell opning ved varaordførar Frode Nygaard ...
Ny betalingsløysing for fritidskortet frå 15. januar Frå årsskiftet nyttar ikkje Kvam herad lenger Friskus som betalingsløysing for fritidskortet.