Søk om tilskot frå viltfondet

Det kan søkjast om tilskot frå Kvam viltfond til viltrelatert arbeid i heradet. 

Hjort i skog - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilete av hjort Juan Lacruz (WikiCommons), CC BY-SA 3.0

______

Søknadsfristen er 1. mai, og ein kan søkja via denne lenka digitalt søknadsskjema.

Sjå retningslinene for viltfondet i Kvam. (PDF, 2 MB)

Fondet kan brukast til

  • Tiltak for å fremja viltforvaltning, styrka kunnskapen om viltet, jaktorganisering og liknande i heradet og i granneherad gjennom samarbeid i regi av organisasjonar eller einskildpersonar.
  • Tiltak for å førebyggja skade på landbruksnæring som er skuld hjortevilt.

Tildeling av midlar frå fondet

Det kan tildelast midlar frå viltfondet til lag, organisasjonar, verksemder og einskildpersonar.

Søknaden skal innehalda (miniumskrav)

  • Kva tiltaket går ut på, utgreiing og vurdering av tiltaket av søkjaren
  • Opplysningar om søkjar
  • Investerings- og finansieringsplan
  • Framdriftsplan
  • Kven som er deltakarar og skal utføra tiltaket

Utbetaling

  • 50 prosent av tilsagnet kan utbetalast ved oppstart før fullstendig investering er gjort.
  • Delutbetaling kan skje mot dokumentasjon på gjennomføring med 90 prosent av tilsagnsummen. Fondsstyret kan gjera vedtak om eingongsutbetaling.
  • Frist for gjennomføring av tiltaket er normalt 2 år (tilsagnsåret + to heile kalenderår).
  • Administrasjonen får fullmakt til å godkjenna 1 år utsetjing av frist for gjennomføring av tiltaket, etter søknad.
  • Dersom det oppstår tilhøve som er strid med føresetnadane for støtta, kan Kvam herad avgjera at tilskot skal betalast tilbake til fondet heilt eller delvis.
  • Krav om tilbakebetaling av tilskot kan ikkje setjast fram seinare enn 5 år etter utbetaling.

Før tilskot kan utbetalast, må fylgjande føresetnadar vera oppfylde:

  • Tiltaket må vera fullfinansiert.
  • Rapport og revidert rekneskap skal vera godkjend av Kvam herad.
  • Krav som vert stilt i gjeldande lover, forskrifter og standardar skal vera oppfylde og naudsynte godkjenningar må liggja føre.
Jan Tjosås
Leiar
E-post
Telefon 92 01 89 12
Mobil 92 01 89 12

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.