Miniseminar og dialogmøte med næringslivet

Kvam herad inviterer næringslivet til miniseminar og dialogmøte om aktueller saker for næringsdrivande i Kvam.

Møtet skal vera i heradsstyresalen 30. januar kl. 18.

Plan for møtet

  • Plan- og byggesakgebyr. Gjennomgang av framlegg til nye 
    satsar. Kva ligg attom tala og kva er rett nivå?
  • Kommunikasjon mellom heradet og næringsliv
  • Næringsplanen: stoda og vidare arbeid
  • Plan for overvatn: stoda for plan og vidare arbeid
     

Frå heradet kjem Heidi Ørjansen, leiar for samfunnsutvikling, Jan Tjosaas, leiar for næring, Nils Eivind Stranden, konst. teknisk sjef og Frode Nygård leiar for miljø-, plan- og bygningsutvalet.

Det vert eit kort innlegg til kvart emne. Me ynskjer innspel og  utveksling for å få til gode prosessar. Det er difor sett av god tid til ordskifte.
 

Stad: Kvam rådhus, heradsstyresalen
Tid: Torsdag 30.01.2025 kl. 18.00–20.30