Nye krav til tekstilavfall

Frå 1. januar 2025 har kommunane ansvar for å tilby innsamling av klede som er ueigna for ombruk.

I dag er det ikkje gode nok teknologiske løysingar til å syta for attvinning av tekstilar i stor skala. Målet bør difor vera at so mykje klede som råd går til ombruk framfor materialattvinning. Det viktigaste du kan gjera er å minka forbruket. Om ein kjøper færre klede, vert det mindre å kasta. Miljøeffekten ved å kjøpa færre klede har ein mykje større positiv miljøeffekt enn både ombruk og materialattvinning.

Klede som ikkje er eigna for ombruk, leverer du i Miljøparkane til BIR. I Kvam er dette i Sandvenhagen i Norheimsund.