Det vidare arbeidet med Fosse-senter i Strandebarm

Det vidare arbeidet med Fosse-senteret skal opp i formannskapet 31. januar og heradsstyret 7. februar. 

Fosse-senter

 

 

 

Det er utarbeidd ein rapport for eit forprosjekt for eit Jon Fosse-senter, finansiert av Vestland fylkeskommune. Knut Markhus var prosjektleiar, og i prosjektgruppa deltok representantar frå Fosse-stiftinga, Vestland fylkeskommune og Kvam herad. 

Kvar skal senteret liggja?

Det er semje om at eit Fosse-senter skal skipast i Strandebarm, men det er ikkje semje om kva som er beste vegen vidare i arbeidet med realiseringa av eit Fosse-senter. Særleg har det vore ordskifte rundt lokaliseringa i Strandebarm. Mange sentrale aktørar meiner at Tangarås-området er best eigna. Tilrådinga til rådmannen kan de lesa i saka under.

Til den politiske førehavinga av saka i heradstyret vert desse dokumenta lagt ved