Vurderer du ny karriere?

Menn i helse har ledige plassar i for deg som kan tenkja deg å byrja jobb innan helse og omsorg.

Menn i helse Vestland i lag med Kvam herad søkjer no arbeidssøkjande menn som får eit eineståande høve til å taka fagbrev som helsefagarbeidar gjennom Menn i helse. Utdanninga er komprimert og tilrettelagd for arbeidssøkjande menn.

For oss er motivasjon viktigare enn alder.  Du kan vera alt fra tidleg i 20-åra til godt over 50. Under utdanninga vekslar du mellom ytingar fra Nav og løn frå heradet.

Kom på infomøte!

Ta sjansen og vert med på eit uforpliktande infomøte.  Du melder deg på gjennom dialog med din Nav-rettleiar. På infomøtet får du utdjupande informasjon om utdanninga, økonomi og jobbhøve. Helserekruttar fra tidlegare kull er òg til stades. Dei fortel frå eigen røynsle og kjem med råd.

Intervju og prøv deg i jobb

Om du ynskjer å verta med i Menn i helse etter infomøtet, vert du invitert til intervju. Etter intervjuet får eigna og motiverte deltakarar høve til å verta helserekruttar og vera med i ein utprøvingsperiode på 12 veker.


Sumarjobb og utdanning mot fagbrev

Etter utprøvingsperioden sender me tilbod om sumarjobb og vidare utdanning fram mot fagbrev som helsefagarbeidar.

Har du spørsmål om Menn i helse?

Ta kontakt med fylkeskoordinator Kjetil Kvidahl på telefon 977 48 055 eller e-post kjetil@mennihelse.no