Ny betalingsløysing for fritidskortet frå 15. januar
Frå årsskiftet nyttar ikkje Kvam herad lenger Friskus som betalingsløysing for fritidskortet.
Det kjem eit nytt system for betaling av fritidsaktivitetar. Det kjem informasjon om det nye systemet for fritidskort når det er klart 15. januar 2025. I den nye løysinga kjem det høve for refusjon for kostnader. Dette kan ein bruka for kostnader som kjem no før løysinga er på plass.
I 2025 er fritidskortet sett til ei årleg utbetaling på 1000 kr i året.
Publisert av Ole Kristian Grønneng
Sist endra 07.01.2025 10:42