Ny løysing for leige og lån av lokale
No har endeleg Kvam herad fått ei samla plattform for lån og leige av lokale, utstyr og uterom – Aktiv kommune

Denne nyvinninga skal gjera det mykje lettare å sjå kva som hender av aktivitetar i Kvam, her vil du kunna sjå kva lag som brukar idrettshallar på kveldstid og andre aktivitetar. I tillegg kan du tinga tid dersom lokale er ledige. Mange av lokalitetane er berre opne for tinging til offentlege arrangement i regi av lag og organisasjonar.
Rettleiing
- Du finn lettast lokale i Aktiv kommune ved å klikka på nedtrekkshaka «Kva»
- Vel lokalet og klikk på lokaliteten mellom treffa nedanfor
- Trykk deretter på utleigeressurs og nedanfor får du opp kalender som viser avtala aktivitetar for lokaliteten
- Klikk i kalenderen om du ynskjer tinga tid, når bestilling er ferdigstilt får du i mange tilfelle tilsendt dokumentasjon på e-post for korleis du får tilgang til lokaliteten og reglar som gjeld
- Lag deg gjerne ein snarveg på telefonen din til det lokalet du nyttar ofte
Sjå kva for lokale heradet har til utlån
Om Aktiv kommune – Aktiv kommune
Publisert av Ole Kristian Grønneng
Sist endra 05.02.2025 08:47