Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Sykla til jobben-kampanjen frå 6. mai Ver med på kampanjen 6. mai–15. juni ved å sykla til jobb eller med din favorittaktivitet! Spring deg ein tur, prøv klatring, golf, ver med på lagspel...
Regionalt Kulturfond Hardanger Hardangerkommunane deler i fellesskap ut kr 167.000,- for å stimulera til kulturutvikling i Hardanger.
Høyring forprosjektrapport om Jon Fosse-senter i Strandebarm Vestland fylkeskommune, Kvam herad og Fosse-stiftinga har utarbeidd ein rapport frå forprosjektet for eit Jon Fosse-senter i Strandebarm.
Vedlikehald på Tørvikbygdvegen Måndag 28. april startar fylket med å førebu vedlikehald på eit strekk av fylkesveg 576 Tørvikbygdvegen som har sige ut ved Erdal.
Farleg is på regulerte vatn og vassdrag Statkraft melder at det er stor fare for utrygg is på regulerte vatn og vassdrag.
Trygg påsketrafikk Påskeferien nærmar seg og mange ser fram til avslappande dagar til fjells eller andre stader.
Sivilforsvaret heidra brannsjefen På leiarsamlinga om beredskap 2. april fekk brannsjef Torleif Ones ei gild utmerkjing frå Sivilforsvaret.
Nye satsar for vatn og avlaup Heradet sender ut faktura for kommunale gebyr no i byrjinga av april. For mange endrar summen seg grunna ny føresegn for vatn og avlaup i Kvam.
Planprogram for vatn og avlaup på høyring Kvam heradsstyre har vedteke å leggja planprogramma for kommunedelplanane for vatn og avlaup ut på høyring i seks veker.