Planprogram for vatn og avlaup på høyring

Kvam heradsstyre har vedteke å leggja planprogramma for kommunedelplanane for vatn og avlaup ut på høyring i seks veker. 

Dei nye planane skal gjelda 2025–2032. Det har i føregåande planperiode 2017–2024 vore gjort mykje VA-utbygging, og mange av tiltaka i tiltaksplanen er gjennomført.

Nye ynske og krav

Kva innbyggjarane og næringsinteresser treng og ynskjer endrar seg gjerne  over tid. I tillegg kjem krav om til dømes klimatilpassing, vurderingar knytt til ROS, leveringstryggleik for vatn og strengare regelverk, mellom anna det nye avlaupsdirektivet frå EU.

I førre planperiode vart det bygd nytt avlaupsreinseanlegg på Notanes. Dette er bygd med tanke på å kunna oppgradera frå primær- til sekundærreinsing slik som kravet er i det nye avlaupsdirektivet. Kva effekt direktivet kjem til å få på mindre tettstader i kommunen, må klargjerast i planen og gjev konsekvensar for tiltakslista i planperioden.

Jamvel om det er gjort mykje bra saneringsarbeid innan vatn og avlaup dei siste åra, er det framleis mykje innlekk av framandvatn på avlaup. Gode tiltaksplanar må til for å få ned mengda framandvatn som vert pumpa over store strekk i heradet.

Det er auka fokus på leveringstryggleik i vassforsyninga som fylgje av det nye utanrikspolitiske biletet i verda. Reservevassforsyning og naudforsyning for dei ulike vassverka må avklarast, og ein må sjå på tryggleiken rundt anlegga me har i dag. Dette er eit fokusområde for Mattilsynet og styresmaktene no.

Planprogramma for vatn og avlaup er på høyring til 7. mai 2025.

Til vedtaket med planprogramma

illustrasjonsbilete av rennande vatn frå kran kaboompics / Pixabay