Påskeferien nærmar seg og mange ser fram til avslappande dagar til fjells eller andre stader.
Med ferieutfart vert det mykje trafikk, særleg mot dei store hytteområda her og lenger inn. Hugs å taka det med ro om de møter på kø. Ver tolmodug – det er lite å tena på å pressa seg framom.
Her er nokre trafikkvitreglar for påskeferien:
- Sjekk vêr- og føre før du legg ut på biltur.
- Pakk bilen rett og sørg for at lause ting ligg trygt.
- Ta pauser – ein opplagt sjåfør er ein tryggare sjåfør.
- Hald god fråstand til bilen føre.
- Bruk sele – alltid.
Sjå tipsa frå Trygg trafikk til pakking av påskebilen: Slik pakkar du bilen trygt (Trygg trafikk)
Kvam er eit trafikksikkert herad.
Me ynskjer dykk gode dagar og ein fin påske!
Pakk smart!
Publisert av Ole Kristian Grønneng
Sist endra 22.04.2025 08:49