Sykla til jobben-kampanjen frå 6. mai

Ver med på kampanjen 6. mai–15. juni ved å sykla til jobb eller med din favorittaktivitet! Spring deg ein tur, prøv klatring, golf, ver med på lagspel, eller utforsk yoga. All slags aktivitet tel med i kampanjen. 

Slik melder du deg på

  1. Last ned appen Bedriftsidretten eller gå til nettsida www.sykletiljobben.no
  2. Opprett ein bruker eller logg inn
  3. Vel om du er med åleine eller med jobben
  4. Deltek du med bedrift? Vel bedrift eller opprett bedrifta
  5. Velg om du vil vera med på eit lag, eller vera med åleine

 

Bildekomposisjon av aktive menneske i ulike aktivitetar - Klikk for stort bilete

 

Motivasjonen og støtte til meir aktivitet

Aktivitet reduserer også kroppen sine stresshormon og bidreg til meir nøgde tilsette. I tillegg veit ein at gode aktivitetstilbod er viktig både for å rekruttera og halda på gode tilsette. 

Den sosiale støtta frå kollegaer, familie og vener gjer det er lettare å oppretthalda gode vanar, som på sikt kan førebyggja sjukdom og få  ned sjukefråvær.

Sykla til jobben gjer ein skilnad for dei som er med, og meir enn 90 prosent seier at dei vil delta på ny. Med 50 års erfaring veit menneska attom kampanjen at ein greier å auka aktivitet, løfta samhaldet og at det er kjekt å vera med på.

I tillegg reduserer me klimagassutsleppa!

Kampanjen bidreg ikkje berre til å styrkja helsa, gjeva meir energi og fremja fellesskapen på jobb, men han handlar òg om å redusera klimagassutsleppa. 

Ved å velja sykkel eller gå heller enn bilen, kan me vera med på å gjera ein positiv skilnad. Dersom 10 personar syklar til jobb og frå jobb frå Øystese til Norheimsund i éin månad, sparar me miljøet for ca. 45 kg CO2-utslepp mot å køyra bil. 

Lat oss saman gjera ein innsats for miljøet denne månaden!

Kampanjen varer i seks veker, frå 6. mai til 15. juni og er for alle som bur eller jobbar i Kvam herad.

Dette er eit gratis tilbod for alle som bur eller jobbar i kommunen. Det er utforma som eit lågterskeltilbod som passar for alle same kva for form ein er i, du vel sjølv kor mykje aktivitet du vil gjera. All aktivitet til og frå jobb og på fritida tel, og alt kan registrerast i appen Bedriftsidretten. Kvar veke vert nye utfordringar og premiar lagt ut på sidene til Sykla til jobben.

Delta som lag eller åleine

Du kan delta individuelt eller som eit lag på maks fem personar saman med familie, vener og kollegaer. Slik er ein med  i trekkjinga av syklar, turar og treningsutstyr frå Bedriftsidretten. 

I Kvam er hovudpremien ei eiga kinoframsyning berre for laget ditt – og dei de inviterer med!  I tillegg trekkjer me små overraskingar undervegs, so alle har ein sjanse til å vinna!

 

Last ned og registrer deg i appen Bedriftsidretten eller klikk deg inn på nettsida: www.sykletiljobben.no for å melda deg på.

Vinn premiar i kampanjen i tillegg til lokale premiar frå Kvam herad.

Utfordringar og premiar i kampanjen finn du her

 

Spørsmål om kampanjen?

Ta kontakt med Trond Inge Brakestad kampanjeansvarleg

E-post: trobra@kvam.herad.no