Nye satsar for vatn og avlaup

Heradet sender ut faktura for kommunale gebyr no i byrjinga av april. For mange endrar summen seg grunna ny føresegn for vatn og avlaup i Kvam.

Den største endringa er for nærings- og kombinasjonseigedomar. Dei skal betale fastgebyr etter denne tabellen:

  • Kategori 1: Forbruk mellom: 0–300 m3 - Får 1 fastledd
  • Kategori 2: Forbruk mellom: 300–1000 m3 - Får 3 fastledd
  • Kategori 3: Forbruk mellom: 1000–3000 m3 - Får 6 fastledd
  • Kategori 4: Forbruk mellom: 3000–6000 m3 - Får 12 fastledd
  • Kategori 5: Forbruk mellom: 6000–20 000 m3 - Får 24 fastledd
  • Kategori 6: Forbruk mellom: 20 000–50 000 m3 - Får 50 fastledd
     

Fastledd vatn er kr 3519,- for 2025.

Fastledd avlaup er kr 3605,- for 2025.

Kor mange fastledd eigedomen får, baserer seg på det høgaste vassforbruket i åra 2020–2023.

Rekninga for kommunale gebyr har forfall 30. april.

Forskrift om vass- og avløpsgebyr, Kvam herad, Vestland - Lovdata