Farleg is på regulerte vatn og vassdrag

Statkraft melder at det er stor fare for utrygg is på regulerte vatn og vassdrag.

Isen kan vera utrygg på vatn som er regulert av Statkraft i Hardanger. Spesielt gjeld dette rundt inntak, i kanalar og ved inn- og utlaup av overføringstunellar. Varierande vasstand fører generelt til veik is langs land. Ved låg magasinfylling og ved nedtapping av magasin, kan det vera fare for ras av isblokker, og at isen langs land kjem til å sprekka. Desse sprekkene er ofte gøymde av eit snølag, og ein må akta seg vel ved passering inn og ut på isen.

Sjå iskart.no frå NVE. Her finn du opplysingar om ulike område.

  • Vel trygg rute, respekter skilting og inngjerding
  • Område med spesielt stor risiko vert inngjerda og merkt
  • Statkraft markerer trygge ruteval med merkestikker. 
  • Stoda kan endra seg raskt, meld gjerne frå om utrygge tilhøve.
     

Ynskjer du informasjon, kan du kontakta Statkraft:

  • Kraftverksgruppe Hardanger v/Kristin Lindvik, tlf. 476 32 160
  • Tyssedal/Mauranger – Hans Henrik Haukaas, tlf. 909 91 966
  • Eidfjord/Bjølvo – Jan Tore Kvale, tlf. 413 12 503