Kvam herad har som regel to leiarsamlingar i året der alle leiarar, tillitsvalde og hovudverneombod deltek. Temaet for denne samlinga var kommunal beredskap. Heradet hadde invitert med samarbeidspartnarane Sivilforsvaret, Raudekrossen og Politiet. Dei kom ikkje tomhendte. Johnny Aslaksen, distriktssjef i Sivilforsvaret tok scenen og bad Torleif Ones om å koma opp.
«Tildelinga av Sivilforsvarets Krest heng veldig høgt. Mellom vilkåra som me legg til grunn for tildelinga, er mellom anna at ein person har gjort ein særskild innsats for samfunnstryggleik og vernebuing og samarbeidspartnarar som har gjort ein særskild innsats for Sivilforsvaret.
Me opplever at Torleif gjer særleg godt beredskapsarbeid og står for svært god leiing innanfor beredskapsmiljøet i ganske vid tyding. Han er ein framifrå faneberar for samarbeid og samvirkeområdet i Vestland og arbeidsområdet vårt. I tillegg er Torleif ein god venn av Sivilforsvaret.
Leiinga av ei særleg stor øving i ramma av Vest Brann og redning i 2023 var framifrå. Du har den sjeldsynte evna til å vera uanstrengt tydeleg på både styrkar og veikskapar for å finna felles optimale løysingar.
På bakgrunn av dette tildeler me brannsjef Torleif Ones med dette Sivilforsvarets Krest til odel og eige.
Til lukke!»