Ferie-SFO 2025

Kvam herad arrangerer ferie-SFO for born i 1.–4. klasse i vekene 26 og 27.

Illustrasjonsbilde av barn som fiskar frå brygga med tekst og kvam herad grafikk over - Klikk for stort bilete

Ferie-SFO er open i veke 26 (23. juni–27. juni) og veke 27 (30. juni–4. juli )

Tid og stad

Måndag–fredag kl. 08.30–15.00 i SFO-lokala ved Norheimsund skule.

Pris

Prisane er oppgjevne per barn og inkluderer mat og alle aktivitetar.

Per veke:

  • Elevar 1.–3.trinn kr 919,-
  • Elevar 4. trinn kr 1 457,-

Einskilddag:

  • Elevar 1.–3. trinn kr 230,-
  • Elevar 4. trinn kr. 364,-

Ein kan vera med éi eller begge vekene eller einskilddagar.
For familiar som har vedtak om redusert foreldrebetaling er ferie-SFO gratis.

Elevar frå 1.–3.trinn har rett til 12 timar gratis SFO per veke dersom heradet tilbyr ei slik ordning i ferien. Timane vert rekna i snitt per veke, ikkje som fråtrekk for heile enkeltdagar.

I 2024 vart det ikkje trekt frå 12 timar gratis for ferie-SFO ved fakturering. Kvam herd vil retta opp feilen, og føresette som har betalt for mykje vil få dette refundert. For 2024 var retten til gratis SFO for 1.–2. trinn.

Aktivitetar

Friluftsliv, ballspel, formingsaktivitetar, leik, kino, turar, temadagar m.m. Alle aktivitetane skjer ikkje kvar veke.  

Bilde av born som spelar spel med kvam herad grafikk og tekst over - Klikk for stort bilete

 

Dersom barnet ditt treng ekstra tilretteleggjing, må du ta kontakt med SFO- leiarane før 11. april. 

 

Påmelding

Det er avgrensa tal plassar.

Du kan melde ditt barn på ferie-SFO via denne lenka.

Påmeldingsfrist: 9. mai 2025

Påmelding er bindande. 

 

Kontaktinformasjon SFO-leiar

Mona Borge, SFO-leiar Norheimsund skule
Tlf. 920 41 522  E-post: monbor@kvam.kommune.no 

Britt Jorunn Stranden, SFO-leiar Øystese barneskule
Tlf. 91345230 E-post: bristr@kvam.kommune.no