Kokeanbefaling i Norheimsund og Øystese oppheva

Vassprøvar teke grunna vasslekkasje og trykklaust vassledingsnett er no godkjent og kokeanbefaling er dermed oppheva.

Ved spørsmål kontakt vakt for vatn og avløp på tlf 56553400.

Naturfarerapportar frå områdeplanen i Øystese

Rapportane frå Norconsult om naturfare i områdeplanen og sikring av Øysteseelva er no ferdige. 

Bilete over Øystese - Klikk for stort bilete

 

I samband med områdeplan for Øystese sentrum har Kvam herad engasjert Norconsult til å vurdera naturfare i områdeplanen og sikring av Øysteseelva.  Arbeidet til Norconsult tek for seg Øysteseelva, Vikelva, Øyrabekken og vurderingar av områdestabilitet/kvikkleire i Øystese sentrum. 

 

Med unntak av sikringstiltak av Vikelva, er rapportane no ferdige. Det vart helde ope møte måndag 17. juni på Kvam rådhus. Julie Scott-Hansen og Katherine Aurand frå Norconsult presenterte rapportane med hovudvekt på flaumrapporten for Øysteseelva, og deira framlegg til sikringstiltak. 

Presentasjonen finn du her:

 

Rapportane som er utarbeida kan du lesa her:

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.