Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Kulturprisen 2023 til Geir Botnen Om vinnaren vert det mellom anna sagt at han har vore ein viktig bærebjelke, ressurs og ei stor inspirasjonskjelde for hundrevis av barn og unge i her...
Kvam herad treng fleire støttekontaktar! - Både til unge og eldre. Tenesta er for barn, ungdom, vaksne og eldre som treng støtte og hjelp til å delta i kultur- og fritidsaktivitetar.
Vinnarar frå Sykle til jobben kampanjen 2023! Saman har me spart 2675kg CO2, som tilsvarar ein familie på fire som flyr tur-retur New York.
Opning av ny veg i Børvevegen Vegomlegginga i Børvevegen er no utført og vegen vart staseleg opna 14. juni
Snakk om sjølvmordstankar - det kan redde liv I Noreg er det 1-2 personer som tar sitt eige liv kvar dag. Ved å snakke om det kan du vera med på å førebygge at det skjer.
Offisiell opning av Strandebarm omsorg På programmet fredag 9. juni var både song, talar, diktopplesing, gåveoverrekking, noko godt å bita i og sjølvsagt omvising.
Avslutningsmarkering for våre 22 fagskulestudentar 22 fagskulestudentar i Kvam er ferdig med vidareutdanning etter eit samarbeid mellom Fagforbundet, Fagskolen i Viken og Kvam herad.
Staseleg Statsraad-besøk i Kvam Statsraad Lehmkuhl la til kai i Øystese i dag 23.5.23, etter å ha sigla frå Bergen i går. Med på seglturen var deltakarar til Fjordtinget, som går av ...
Besøk av kommunal- og distriktsministeren i Kvam Kvam Senterparti har i dag 22. mai hatt besøk av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.