Ein festdag
Fyrst på programmet var song av 13 barn frå kulturskulekoret i Strandebarm, saman med Nancy K. Sangholt på piano. Dei spela til stor glede for både bebuarar, tilsette og andre frammøtte på opninga denne dagen.
Vidare leia Helse og omsorgssjef Terje Langeland oss til neste punkt på programmet, som var tale av Rådmann Anita Hesthamar. Ho er av dei heldige som har fått følgja prosessen heilt frå starten. Og kunne fortelje frå dei fyrste rundane der ein såg på kva ein kunne få til av løysingar på Strandebarmsheimen, til å sjå på andre stader i bygda og til at ein landa på tomta der det ligg i dag – med rullatoravstand til skule og butikk.
Neste runde var å finna ut korleis framtida sine omsorgsbustader skulle sjå ut. Til å hjelpa seg med dette, var ein så heldige å få med Knut O. Knudsen frå Holon arkitektur AS. Saman med vår eigen Tore Skeie lytta dei på alle innspel, diskuterte, og Knut laga nye skisser som vart diskuterte og justerte. Så mange som ti ulike forslag meinte Knudsen dei hadde hatt «på blokka» før dei enda opp med dagens utforming.
Det var viktig å få alt på eit plan. Ein jobba ei stund med å få inkludert eit helsesenter, men måtte gje seg på det. Ein har likevel fått gode rom for både lege, fysioterapi, frisør og dagsenter. Miljøomsynet har også fått sin plass i prosjektet med løysingar som sedumtak og solceller på taket.
Mange å takke
Hesthamar fortel om det store lokale engasjement som har vore i Strandebarm omsorg og ynskjer å dra fram to ting.
Det eine er den utruleg generøse gåva på ein halv million ein fekk til kjøkenet frå ein anonym gjevar. Det resulterte i at ein kunne utstyra eit flott kjøken med endå betre utstyr. Det andre ho ville trekka fram, er den utrulege dugnadsinnsatsen som er gjort for å få til den mest utfordrande fasen i prosjektet på ein effektiv og god måte - sjølve flyttinga. Ho takka for den viktige innsatsen til Strandebarm Lions, Oma kvinne- og familielag, grendeutvalet og alle andre engasjerte innbyggjarar og lag som har vore med å bidrege.
I tillegg retta Hesthamar ein stor takk til eigne medarbeidarar for å få dette til. Gruppeleiarane Elisabeth Svåsand og Liv Berit Eide har gjort ein kjempejobb i planlegging og gjennomføring - saman med alle tilsette, verneombod og tillitsvalde. Dei har klart å både avslutta opphaldet på Strandebarmheimen, flytta og etablert seg på nytt, samstundes som ein har ytt god omsorg til dei 26 bebuarane.
Godt samarbeid
Fuglafjell AS har vore hovudentreprenør for Strandebarm omsorg og rådmannen fortel at dei har lagt bak seg turbulente år, med mange ulike utfordringar i byggetida, frå krig i Europa, leveranseutfordringar og til framtidsuvisse. Dette har Fuglafjell handtert profesjonelt og det er kvalitet over både samarbeid og resultat. Håkon Hjartnes overrekte fruktfat i tre dekorerte med Kvam herad si krotabord, laga av felemakar Ole Gjere i Strandebarm, i gåve til den nye omsorgsheimen.
Kvam herad sin mest erfarne prosjektleiar Tore Skeie har vore med frå start. I løpet av prosjektet har Bjarte Rasmussen (ABO arkitektur & plan), Gisle Gravdal og FDV-leiar Stein Rykkje vore viktige personar som saman med styringsgruppa, prosjektgruppa og leiinga i helse og omsorg har drevet dette fram.
Eit slikt prosjekt tek lang tid frå idéfase til ferdigstilling, i løpet av denne tida har med i Kvam bytta helse- og omsorgssjef på tampen av prosjektet. Terje Langeland overtok stafettpinnen på opplaupssida frå Åslaug Bøhn Botnen, som også var til stades under opninga. Etter talen til Langeland, fekk han fram sentrale personar i arbeidet med bygget og overrekte blomar, heider og takksemd.
Avslutningsvis
Så var det tid for Ordførar Torgeir Næss å klippe snora og Strandebarm omsorg er offisielt opna. Dette vart vidare feira med snittar, kake og kaffi. Og talane heldt fram frå dei mange engasjerte menneska som har vore involvert i ferdigstillinga frå Lions, arkitekten Knut og Tore Skeie for å nemne nokon. Festdagen i Strandebarm vart såleis avslutta med omvising inne og ute i det strålande været.
Viktigast av alt sa Hesthamar, er at dette er den nye heimen til 26 bebuarar - som skal bu og trivast her. Ho håpar at dei får fine kvardagar her og ville slå eit slag for kvardagen med Olav H. Hauge sitt dikt Kvardag.
Kvardag
Dei store stormane
har du attum deg.
Då spurde du ikkje
kvi du var til,
kvar du kom i frå eller kvar du gjekk,
du berre var i stormen,
var i elden.
Men det gjeng an å leva
i kvardagen òg,
den grå stille dagen,
setja potetor, raka lauv
og bera ris,
det er so mangt å tenkja på her i verdi,
eit manneliv strekk ikkje til.
Etter strævet kan du steikja flesk
og lesa kinesiske vers.
Gamle Laertes skar klunger
og grov um fiketrei,
og let heltane slåst ved Troja.'
Olav H. Hauge