Fjordtinget vart opna av ordførar Torgeir Næss, før fire ulike sesjonar med innhald og tema som mellom anna:
- norsk eigarskap
- kompetansesenter for robotteknologi
- Rein Hardangerfjord
- samarbeid Bergen/regionen
Konferansen vert avslutta med fjordtingsgilde om bord på Statsraad Lehmkuhl i Øystese i kveld, før skipet returnerer til Bergen hamn.
15. april kom Statsraad Lehmkuhl tilbake til Bergen etter ein nesten to år lang jordomsegling, kalla "One Ocean Expedition". Jordomseglinga var ein del av FN sitt havforskingstiår, med mål om å skapa merksemd og dela kunnskap om kor viktig havet er for ei bærekraftig framtid i eit globalt perspektiv.
Med på både jordomseglinga og på turen til/frå Bergen-Øystese, var Håvard Botnen frå Kvam. Han er matros på Statsraad Lehmkuhl, og er nok kjent for mange i kommunen som tidlegare leiar av Kvam Ungdomsråd.
Håvard Botnen med Statsraad Lehmkuhl i Øystese
Anita Hesthamar
Statsraad Lehmkuhl i Øystese
Anita Hesthamar