Støttekontakt er ei teneste som blir tilbydd i alle kommunar.
Den viktigaste oppgåva til støttekontakten er å hjelpa ein annan person til å ha ei aktiv og meiningsfylt fritid.
Støttekontakten kan til dømes komma på besøk heime, bli med på kafé, kino, idrettstilstellingar eller andre sosiale aktivitetar.
Til dømes kan barn og vaksne som har behov for hjelp ha rett på støttekontakt.:
- somatisk (kroppsleg) eller psykisk sjukdom
- skade eller liding
- rusmiddelproblem
- sosiale problem, eller
- nedsett funksjonsevne
______________________
Den som søkjer som støttekontakt:
- må vere over 18 år.
- må legge fram politiattest og du har teieplikt.
- bør vere glad i å vere saman med menneske, ha evne til å finne på aktivitetar, samt vere ein motivator for andre.
- bør kunne binde deg over ein lengre periode (min. 6 mnd.), for å skape stabilitet for brukaren.
____________________
Korleis verta støttekontakt
Dersom du tenkjer at dette kanskje er noko for deg så fyll ut skjemaet på denne lenka for å melda di interesse eller ta kontakt med Kvam herad på tlf. 56 55 30 00.
Arbeidsavtale
Får du oppdrag som støttekontakt i Kvam herad, vert det inngått ein skriftleg oppdragsavtale.
Som oppdragstakar for Kvam herad, må du retta deg etter Kvam herad sitt etiske reglement.
Det er krav om politiattest.
Vanlegvis er oppdraga 8-20 timar i mnd.
Underskrivne timelister skal leverast/sendast innan den 20. kvar månad. Utbetaling den 12. månaden etter. Du finn timelisteskjema i knappemenyen over.
Støttekontaktar vert løna som ufaglært assistent.
Oppdragsavtale vert gjort i samsvar med vedtaket, vanlegvis for eit år om gongen.
Me ser fram til å høyra frå deg!