Det starta i Bergen
Geir Botnen fekk si utdanning i musikk ved Konservatoriet i Bergen og studerte hjå Jiri Hlinka frå 1978 til 1983. I 1982 var han den første norske pianisten til å ta del i Tsjajkovskij-konkurransen i Moskva.
Engasjert kulturprisvinnar
Botnen har vore sentral i skipinga av Hardingtonar i 1991 , og han har følgt denne festivalen vidare i styrearbeid fram til no, i 32 år, mykje av tida som styreformann.
Festivalen vart starta for å fremja musikken til Geirr Tveitt. Festivalen skulle også auka kunnskap om og bruk av folkemusikk og annan kulturskaping i Hardanger. Dette har i stor grad lukkast på grunn av engasjementet og kontaktnettet Botnen har.
Geir har og vore styremedlem i Ingebrigt Vik Museum i mange år og gjort mykje for å gjera Ingebrigt Vik og kunsten hans kjent. Geir var den som reiste til Steinway-fabrikken i Tyskland og tok ut nytt flygel til kunsthuset Kabuso og kvitterte med glitrande spel saman med Leif Ove Andsnes i Kabuso.
Innlands og utanlands
I tillegg til dette har han vore aktiv konsertpianist som sjølv har bringa musikken ut til folk både innanlands og utanlands. Det kan nemnast at han har spelt ei rekkje konsertar internasjonalt både som solist og i samarbeid med andre musikarar og orkester og han har spelt i USA, Canada, Kina , Tyskland, Tsjekkia, Sverige, Kenya, Sør-Korea, Danmark, Singapore og Moldova.
Botnen spela inn fleire plater; mellom anna Geirr Tveitt , Femti folketonar frao Hardanger, Solgudens dans og andre klaverstykke, men også plater i samspel med andre musikarar.
Han har vore tilsett som pianopedagog i Kvam kommunale musikkskule, no Kvam kulturskule, heilt sidan starten i 1978.
Han har vore ein viktig bærebjelke og ressurs i organisasjonen, og ei stor inspirasjonskjelde for hundrevis av barn og unge i heradet. Geir har vore, og er, ein raus og svært kompetent kollega for alle som jobbar i kulturskulen.
Prisen vart delt ut under Kinck-dagane laurdag 24.juni der Geir har og vore med som pianist og arrangør i over 30 år.
Akvarellen er måla av May Linn Clement.
Geir Botnen mottok akvarell måla av May Linn Clement.