Snakk om sjølvmordstankar - det kan redde liv

I Noreg er det 1-2 personer som tar sitt eige liv kvar dag. 
Ved å snakke om det kan du vera med på å førebygge at det skjer. 

Bildeannonse frå helsedirektoratet  - Klikk for stort bilete

Kvem herad ynskjer å bidra til helsedirekoratet sin informasjonskampanje for å førebygge sjølvmord. Me ynskjer å sette temaet på dagsorden, bistå med å spreie kampanjemateriell og dele informasjon med deg som les dette. 

Målet med kampanjen er: 

  • Å senke terskelen for å søka om hjelp
  • Få fram at kvar og ein av oss kan bidra til å førebygge sjølvmord ved å spørre direkte om me er bekymra for nokon me kjenner

Målgruppa er den vaksne befolkninga med særleg fokus på menn mellom 40-60 år.

Har du sjølvmordstankar, er det viktig å vite at du ikkje er åleine om å ha det slik. Hugs at det er mange som kan og vil hjelpe deg. Gje andre ei moglegheit til å hjelpe deg ved å fortelle dei korleis du har det.

1. Kvar kan ein få hjelp?

Følg lenka her for Helsenorge si side med råd til deg som har sjølvmordstankar

2. Kva teikn kan ein sjå etter og korleis kan ein handtere bekymringa si for nokon?

Følge lenka her for Helsenorge si side med råd til deg som er bekymra for nokon.

_______________________________________

I Kvam har me ein samla teneste som heiter Rus og psykisk helse (ROP).
Her finn du meir informasjon om den tenesta på nettsida vår.

annonse frå helsedirektoratet med tekst og bilde - Klikk for stort bilete

1. Bur du i Kvam og treng hjelp er det fyrst og fremst fastlegen din du skal kontakte.
Informasjon om fastelege i Kvam finn du på denne lenka.

2. Utanom opningstid kan du ringe legevakt. Telefon 116 117.

Er det akutt fare for sjølvmord skal du ringa 113 

 

Trenger du nokon å snakka med?

Det finst fleire hjelpetelefonar, chat-tenester og støttegrupper der du kan dela tankar og kjensler heilt anonymt, og få støtte, råd og rettleiing:

  • Mental helse 116 123
  • Kirkens SOS. SOS-TELEFONEN: Telefonnummeret til krisetelefon er: 22 40 00 40.

 

Lenker for barn og unge:

 

Helsenorge om sjølvmord og sjølvmordstankar. Følg denne lenka.