Gåvekortordning for studentar i Bergen med folkeregistrert adresse i Kvam

bilde av gjester i RIB båt fjorden mot Botnen - Klikk for stort bilete Hardangerfjord adventure

Bergen kommune vedtok tidlegare i år gåvekortordning for studentar som melder flytting til Bergen. Kvam heradsstyre såg seg nøydde til å svara på dette.

Kvam heradsstyre vedtok difor ei ordning 16. mai  2023 der studentar med studiestad i Bergen kommune og folkeregistrert bustadadresse i Kvam herad kan søka om ei gåvekortordning. Gåvekortordninga gjer deg tilbakebetaling på inntil kroner 3000,- Kvitteringar tilbake til vedtaksdato 16. mai vert dekka.

For å ha krav på stønaden må du dokumentera kvitteringar på kulturopplevingar og kjøp i butikkar i Kvam herad. Rusmidlar som alkohol, tobakk e.l. vert ikkje dekka.

  • Ordninga gjeld for dei med gyldig studentbevis i Bergen vårsemesteret 2023.
  • Øvre aldersgrense for ordninga er det året ein fyller 26 år.

Frist for å søka er 15.08.2023.

Gåvekortordninga verkar slik at du må gå gjennom og fylla ut søknadsskjemaet og laste opp kopi av kvitteringar og studiebevis.

Utbetalinga vert utført til oppgitt bankkonto innan utgangen av august 2023.

Søknadsskjema finn du om du følger denne lenka!