Opning av ny veg i Børvevegen

Vegomlegginga i Børvevegen er no utført og vegen vart staseleg opna 14. juni

bilde av snorklipping ved opning av veg i Børvevegen  - Klikk for stort bileteSnorklipping med sperreband og kniv. Utført av Johannes Råen. Jarle Flotve og Roar Steinstø heldt snora.

Bakgrunn

Den uoversiktlege passasjen mellom to hus i «Råen» er no fjerna. Johannes Råen kjøpet nabo huset og reiv dette, vidare inngjekk han avtale med Kvam herad om å rive huset og gje grunn til å legge om Børvevegen. Kvam herad har bidrege til kjøp av huset og teke kostnad med å legge om vegen på tomta. Omlaga veg er lagt i kurve som også fungerer som fartsreduserande tiltak, alternativet hadde vore å etablere fleire fartsdemparar forbi huset. Dette var ikkje ynskjeleg for huseigar og for me vil tru ikkje trafikkantane heller? I tillegg er det etablert møteplass. Tiltaket blir utført for å betra framkomme og trafikksikkerheita i Børvevegen. I prosjektet var det ein forutsetning i avtale mellom grunneigar og Kvam herad om å etabler eit hastigheitsreduserande tiltak. Råen har sjølv kosta arbeid med muring og hagearbeid.

Høgtidleg opning av vegen

Inviterte gjester fekk servert kake, kaffi og «musserande» i glaset av grunneigar Johannes Råen. Den tidlegare eigarane av huset som no er rive, Jon Teigland tykte det var litt vemodig at huset er rive, men var svært nøgde med at rivninga har medført resultatet dei fekk sjå i dag. Huset måtte ha fått ei større oppgradering om det framleis skulle vera bustadhus. Tomta var liten med vegen rett over dørhella. Då Råen tok kontakt for kjøp av huset med tanke på rivning og vegomlegging såg ein etterkvart at det var den mest fornuftige løysing. Utan sal hadde det ikkje blitt noko forbetring av vegen til Børve.

bilde frå opninga med servering på terrassen - Klikk for stort bileteNaboane Kristin Kollsgård Børve og Britt Børve stilte med flagg for å feire opninga

Johannes Råen heldt tale og utrykte at han var svært nøgd med samarbeidet med Kvam herad, både under planlegginga og gjennomføringa av arbeidet. Vidare skrytte han av Kvam maskin og transport AS (KMT) for fint utført arbeid og veldig god kommunikasjon dei i mellom. 

Prosjektleiar Øystein Ølmheim takka for godt samarbeid med Johannes Råen. Det er kjekt at Kvam herad og private kan få til prosjekt saman som fører til gode løysingar for fellesskapet. KMT AS blei takka for godt utført arbeid. Samarbeid og diaog undervegs har vore veldig bra. Arbeid vart utført godt innafor tidsfristen.  

Montering av autovern vert etter planen utført dagen etter opninga 15. juni.

Bilde av mann som syklar på den nye vegen - Klikk for stort bileteHåkon Valland, frå Norheimsund kom tilfeldigvis forbi og fekk som fyrstemann sykle på den nye vegen