Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Utlysing Hardanger - Berlin 2025 Søknadsfrist for kunstnarhusvære Hardanger - Berlin 2025: 15.09.2024
Vert med på gjenbruksveka 2024! Frå 25. november til 1. desember arrangerer me igjen Gjenbruksveka, parallelt med Black Week, for å skifta fokuset til mindre forbruk og meir gjenbruk...
Nyhendebrev om berekraft - arealbruk Velkomen til vårt fyrste nyhendebrev om berekraft frå miljøkoordinatoren! Slike nyhendebrev vil verta gitt ut jamleg, og har som mål å auke kunnskapen ...
Kikhoste - informasjon Det har vore aukande førekomst av kikhoste utover våren 2024 i Noreg. I artikkelen finn du difor informasjon om kikhoste og FHI sine råd.
Digitalisering av byggesaks- og eigedomsarkivet til Kvam herad Det historiske byggesaks- og eigedomsarkivet til Kvam herad er digitalisert, og er no opna for innsyn. Alle innbyggjarane i Kvam har tilgang til heile ...
Ungdata 2024 Ungdata 2024: Korleis har ungdom i Kvam det i dag?Korleis trivst ungdomane i Kvam i lokalsamfunnet? Kor mange prosent er med på aktivitetar i fritida? ...
Naturfarerapportar frå områdeplanen i Øystese Rapportane frå Norconsult om naturfare i områdeplanen og sikring av Øysteseelva er no ferdige.