Vert med på gjenbruksveka 2024!Frå 25. november til 1. desember arrangerer me igjen Gjenbruksveka, parallelt med Black Week, for å skifta fokuset til mindre forbruk og meir gjenbruk. Målet er å engasjere næringsliv, lag, organisasjonar og enkeltpersonar til å delta. Har du ein idé eller eit arrangement du vil gjennomføre? Ta kontakt med oss, så kan me saman bringe ideen til liv. Du kan òg dele ynskjer og idear utan å måtte arrangere det sjølv, og me vil gjere vårt beste for å realisere dei.Me ynskjer å skape ei morosam og lærerik veke for både store og små.Her er nokre døme på tema og arrangement:Sy- og reparasjonskafé eller workshopMøbeloppussingsverkstadRedesignverkstadGjenbruksmarknadByttedagGjenbruksmoteframsyningKreativt verkstad for barn ved å lage kunst eller klede av gjenbrukte materialer og tekstilarSykkelreparasjonsverkstadWorkshop i elektronikkreparasjonGaming- og teknologi-byttedagMatlagingskurs med restarWorkshop om dyrking av matKunstutstilling med kunst laga av gjenbruksmaterialar eller søppelBokbyttedagGjenbruks-julemarknadQuiz, diktlesing eller song om temaet gjenbruk Det finst mange måtar å delta i gjenbruksveka på, og me vil gjerne høyre frå deg!Er du ei bedrift som jobbar aktivt med gjenbruk og ynskjer å dele erfaringane dine med andre bedrifter? Ta kontakt med oss! Publisert av Trude Birknes Buene Sist endra 07.08.2024 10:27