Digitalisering av byggesaks- og eigedomsarkivet til Kvam herad

Det historiske byggesaks- og eigedomsarkivet til Kvam herad er digitalisert, og er no opna for innsyn. Alle innbyggjarane i Kvam har tilgang til heile arkivet. Arkivet omfattar saker knytt til byggesak, landbruk, deling, seksjonering, vatn og avløp og kommunale eigedomar for perioden 1837-2015.

Innsynsløysing:

Det digitale arkivet er publisert i Dansk Scanning si innsynsløysing WebLager. Lenke til arkivet finn ein via postlista til Kvam herad.

Dokument eller saker som er unntatt offentlegheita vil ein ikkje automatisk kunne sjå. Slike dokument må ein på vanleg måte be om innsyn i. Ein vil kunne søkja etter adresse eller gards- og bruksnummer på ein eigedom, og få treff på alt som er registrert på den eigedomen i perioden 1837-2015.

Dersom ein oppdagar feil i arkivet vårt, så set me stor pris på ei tilbakemelding. Det gir oss moglegheit til å kvalitetsheva arkiva våre.

 

Om digitaliseringsprosjektet:

 

Kvam herad har jobba med eit prosjekt om å få digitalisert byggesaks- og eigedomsarkivet for perioden 1837-2015. Det vart først gjort ein arkivanalyse i 2019. Målet var å gjera arkivet tilgjengeleg for tilsette, innbyggjarane og næringslivet i Kvam. Kvam herad jobbar mot meir sjølvbetening og digital kommunikasjon, og digitalisering av arkivet er eit nødvendig steg i denne retninga. Digitalisering vil òg vera grunnlag for eByggesak og på sikt automatisk sakshandsaming.

Arkivet som vart kartlagt omfattar saker knytt til byggesak, landbruk, deling, seksjonering, vatn og avløp og kommunale eigedomar. Totalt utgjorde dette ca. 120 hyllemeter arkiv og ca. 700 000 ark.

 

Etter kartlegginga av arkivet, vart prosjektet lagt ut på anbod og det danske firmaet Dansk Scanning A/S vann konkurransen. Kvam herad fekk dispensasjon frå Arkivverket til å sende arkivet ut av landet. Dansk Scanning kom til rådhuset rett før jul i 2020 og henta heile arkivet. Det tok ca. 8 månadar å skanne arkivet. Det har vore eit godt samarbeid og god dialog med Dansk Scanning i heile prosjektet. I august 2021 vart papirarkivet sendt tilbake til Noreg og til Interkommunalt Arkiv i Hordaland, der arkivet no er oppbevart for langtidsoppbevaring.