Så langt har det vore flest tilfelle i Vestfold, Oslo og i Trøndelag, men også i Bergensområdet har det vore auka førekomst. Det er også sett auke andre stader i Europa i vår. I Kvam har vi til no ikkje sett auke i tilfelle av kikhoste. Det er såleis ikkje mistanke om lokalt utbrot i Kvam.
Kikhoste er ein sjukdom som kan vere alvorleg for dei aller minste barna, som enno ikkje er fullvaksinerte. For eldre barn og vaksne vil sjukdomen kunne føre til ein langvarig og plagsam hoste, men som regel ikkje med eit alvorleg forløp. Det vanlege forløpet av sjukdomen er symptom på forkjøling i om lag ei veke, før perioden med kraftige hosteanfall startar. Perioden med hoste kan vare så lenge som 2-3 månader.
FHI går ut i samband med auke i talet på tilfelle av kikhoste i landet, ut med følgjande råd til folkesetnaden:
· Følg tilrådingane om vaksinar i barnevaksinasjonsprogrammet, og det nye tilbodet om kikhostevaksine til gravide.
· Hugs å ta oppfriskingsdose kvart 10. år. Om du er usikker på kor tid du sist fekk vaksine, finn du dette på helsenorge.no. Kontakt fastlege dersom du har behov for oppfriskingsdose.
· Kikhoste liknar på andre forkjølingar første veka, før den kraftige hosten startar. Kraftig hoste kan vera kikhoste, og kontakt med lege må vurderast.
· Ved påvising av kikhoste, kan antibiotikabehandling som blir starta dei første 3 vekene milde og forkorte sjukdomsforløpet. Det gjeld personar i alle aldrar.
· Familiar med spedbarn bør avgrense besøk av personar som har forkjølingssymptom.
· Ha låg terskel for å oppsøkje lege ved sjukdom hjå spedbarn under 3 månadar.