Nett-trygging og passordfiske i ferietid

Nett-trygging og passordfiske i ferietid

IT vil gjerna få lov til å ynskja dykk alle ein riktig fin sommar!

Men me kan ikkje lata vera å koma med nokre formaningar også denne gongen.

Ferietid medfører at me senker skuldrene litt og tenkjer at no er det roleg. Ikkje noko stort kan skje. Men det er og ei tid der hacking skjer, nettopp fordi det er færre som følgjer med og kan varsla.

Får du meldingar med lenker til nettstader, der dei ber om brukarnamn – passord eller fødselsnummer, så ver venleg å ikkje legg att informasjon.

Dette gjeld både på jobb, i privat e-post eller på sms/VIPPS – chatmeldinger i mobil/nettbrett.

Får du melding i ein e-post om å oppdatera betalingsinformasjonen din, så ver venleg å ikkje gjer dette.

Får du meldingar om at signeringsperiode er i ferd med å utløpa, så ver venleg å ikkje opna vedlegget til denne meldinga. Slett alltid slike meldingar!

Får du melding frå EasyPark om at betalingskortet ditt er utløpt, så ver venleg å ikkje opna denne meldinga. Slett alltid slike meldingar!

Får du meldingar der du vert beden om å opna meldingar på Dropbox med delte PDF-filer, så ver venleg å ikkje gjer dette.

Det er viktig for oss at DU er trygg med dine private konti og ikkje berre på jobb. Skulle noko skje, ver ikkje redd for å ta kontakt med it-vakta: 56 55 30 45.  Me har vakt heile sommaren.

Så litt aktuelt:

Det pågår ein kampanje for å fiska brukarnamn og passord med utgangspunkt i ein butikk på Voss, men og fleire avsendarar kan ha likelydande tekst enten knytt til ordre eller faktura.

 Ikkje klikk på fakturalenkja i denne e-posten…VER MERKSAM PÅ at denne treng treng ikkje koma frå denne avsendaren – me har sett likelydande frå andre avsendarar…

 Om du klikkar på lenkja, vert du vidaresendt til ei PDF-fil som ber om brukarnamn og passord til officepakken din.

 

 Meldinga kan sjå slik ut :

-----------------------------------------------------------

Sendt: torsdag 20. juni 2024 09:57
Emne: Faktura 022344

Den aktuelle ordren er vedlagt PDF: 40005008

Mvh
fornamn og etternamn
FIRMANAMN og LOGO

-----------------------------------------------------------

 

Generelt vil me be dykk alle om å vera varsame og merksame! GOD SOMMAR ALLE SAMAN!