Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Ny lagsportal: «Kva skjer i Kvam?» Endeleg kjem det ein ny lagsportal i Kvam på www.skjerikvam.no. Tysdag 21. oktober inviterer Grannehjelpa og Kvam herad alle lag og organisasjonar til ...
Årets TV-aksjon 2025 vert digital Det vil seia at det heller ikkje i år kjem bøsseberarar på døra di. Du har likevel mange digitale løysingar som du kan bruka for å gi di støtte til år...
Nasjonal tilskotsordning for inkludering av born og unge Tilskot til inkludering av born og unge er no lyst ut for 2026. Søknadsfristen er 31. oktober 2025.
Informasjon om vaksenvaksinasjonsprogrammet Vaksenvaksinasjonsprogrammet er eit tilbod til innbyggarane om vaksine mot influensa, koronavirus og pneumokokksjukdom. For vaksinasjon mot influensa ...
Visit Hardangerfjord inviterer til ope folkemøte Mandag 20. oktober kl. 18–21 på Hardangerfjord Hotel i Øystese.
Høyring om oppveksttun i Ålvik Heradsstyret i Kvam vedtok 2. oktober 2025 å senda sak om etablering av oppveksttun i Ålvik ut på høyring.
Opprydding etter uvêret Amy – ver varsam Etter uvêret Amy så er det fleire vegar og område som må ryddast etter at tre har velta i vinden. Kommunen ber dei som ryddar om å ta omsyn til at det ...
Kvam herad har overteke Vikøy vasslag Styret i Vikøy vasslag og Kvam herad har hatt sitt siste møte i samband med overføringa av vasslaget – inkludert vassverk, leidningsnett og abonnentar ...
Kulturtilskot 2025 ( ekstrautlysing med søknadsfrist 15.10.25 ) Har laget ditt gløymt å søkja driftstilskot, eller tilskot til nærmiljøtiltak ( leikeplassar, lagshus og friluftsliv) i 2025 ? Kultur- og idrettsorgan...