Opprydding etter uvêret Amy – ver varsam
Etter uvêret Amy så er det fleire vegar og område som må ryddast etter at tre har velta i vinden. Kommunen ber dei som ryddar om å ta omsyn til at det er større risiko for rotvelte etter uvêr.

Etter ein storm kan det ligge mange velta tre og greiner som må ryddast bort. Det er viktig å hugse at dette arbeidet kan vere farleg. Du som ryddar må alltid sette tryggleiken først:
- Bruk verneutstyr som hjelm, vernebriller, hanskar og vernestøvlar.
- Sørg for at motorsag og anna utstyr er i god stand og vert brukt rett.
- Vurder om treet står i spenn eller kan bevege seg uventa – det kan føre til alvorlege skadar.
- Jobb aldri åleine – ha alltid nokon med deg som kan hjelpe om noko skjer.
- Ved store eller kompliserte tre, kontakt fagfolk.
Publisert av Heidi Ørjansen
Sist endra 08.10.2025 20:19