Ny lagsportal: «Kva skjer i Kvam?»

Endeleg kjem det ein ny lagsportal i Kvam på www.skjerikvam.no. Tysdag 21. oktober inviterer Grannehjelpa og Kvam herad alle lag og organisasjonar til eit ope møte om løysinga.  

På skjerikvam.no finn du alle lag, organisasjonar og nokre verksemder. Er du ny innbyggjar eller innbarka kvemming vert dette staden for å finna ut kva du kan driva på med i fritida i HEILE Kvam. 

Ein enkel og oversiktleg aktivitetskalender finn du her, der alle lag, organisasjonar og verksemder sjølve kan leggja ut kva for tilbod dei har til innbyggjarane våre. Dette vert ein framifrå stad for å blesta laget og aktivitetane dykkar.

Kva skjer i Kvam er tilgjengeleg i innbyggjarappen Friskus kommune.

Dess fleire me er som bruker denne sida, dess kjekkare vert det for innbyggjarane i Kvam.

Skjermdump som syner sidetittel og meny på skjerikvam.no - Klikk for stort bilete

Velkomen til stormøte 21. oktober

Grannehjelpa og Kvam herad som samarbeider om skjerikvam.no inviterer alle lag og organisasjonar i heradet til eit stort felles møte. Her får de opplæring og informasjon om dette nye tilbodet. Me vonar DU eller nokon andre frå laget ditt tek seg tid til å vera med på denne samlinga.

Om du ikkje møter, vidaresend e-posten med lenke for redigering til han som møter for laget. Eit tips her er at du går inn på www.skjerikvam.no og gjer deg kjend med portalen, og gå gjerne inn på lenkja du får i forkant av dette møtet – for å gjera deg litt kjend med kva du kan gjera i portalen!

Ta med pc eller nettbrett til møtet! 

Tid: tysdag 21. oktober kl. 18

Stad: Heradsstyresalen på rådhuset, Grovagjelet 16 i Norheimsund

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.