Årets TV-aksjon 2025 vert digital

Det vil seia at det heller ikkje i år kjem bøsseberarar på døra di. Du har likevel mange digitale løysingar som du kan bruka for å gi di støtte til årets TV-aksjon.

annonse for årets TV aksjon - Klikk for stort bilete

Årets TV-aksjon er tildelt Atlas- alliansen. 

Atlas- alliansen er tildelt TV-aksjonen NRK i 2025.  Årets TV-aksjon skal gå til naudhjelp, utdanning og moglegheitene til eit betre liv for menneske med funksjonshindringar som lever i krig og fattigdom.  Aksjonsdagen er 19. oktober. Slagordet for årets TV- aksjon er “Sammen åpner vi dører!” . 

Årets TV-aksjon er søndag 19. oktober og går til Atlas-Alliansen som er ein paraplyorganisasjon for åtte organisasjonar av og for menneske med funksjonsnedsettingar. Dette er Norges BlindeforbundFunksjonshemmedes FellesorganisasjonNorsk Forbund for UtviklingshemmedeNorges HandikapforbundRyggmargsbrokk- og HydrocephalusforeningenMental Helse UngdomNorges Døveforbund og Stiftelsen Signo

Gjennom årets aksjon skal Atlas-alliansen gi hjelp til menneske med funksjonsnedsettingar i land som er råka av krig, kriser og fattigdom. Pengane skal gå til skulegang, helsetenester, naudhjelp, og hjelpemiddel som rullestolar, krykker, briller og protesar. Atlas-alliansen skal gjennom TV-aksjonen gi 200 000 menneske med funksjonsnedsettingar og familiane deira i Palestina, Ukraina, Etiopia, Nepal, Tanzania, Uganda og Zambia eit betre liv.

Støtt TV-aksjonen og hjelp menneske med funksjonshindringar som lever i krig og fattigdom ved å gi på følgjande måtar: 

  • Vips valfritt beløp til: 2133
  • Overfør til TV-aksjonen sin konto 8380 08 09005
  • Kontonummer ved bestilt faktura med KID: 1503 60 97431
  • SMS med kodeord TVA til 2133 (350 ,-)
  • Gi nå! Lenkje til andre måtar å gi på direkte
  • Spleis (sjå informasjon under om Kvam herad si digitale bøsse!) 

Kvam herad si digitale bøsse

Følg denne lenkja til Kvam herad si digitale bøsse: Kvam herad si digitale bøsse

Vil du laga ei digital innsamling for TV- aksjonen? Då kan du bruka Spleis- enkelt og trygt. 

Ei digital bøsse er som ein vanleg Spleis, men er førehandsdefinert og går automatisk til TV-aksjonen NRK Atlas- Alliansen. Den kan du enkelt redigera og dela med ditt nettverk. Den digitale bøssa blir kopla til din kommune ut frå det postnummeret du oppgår når du registrerer din brukar inne på Spleis. 

Næringsliv, skular, barnehagar og organisasjonar nyttar ofte Spleis til å samla inn bidrag. Ta ein kikk om dette kan vera noko for deg, din arbeidsplass, eller ditt nettverk. 

Les meir om korleis du kan oppretta ei digital bøsse (Spleis) her: Lenkje til informasjon om digital bøsse og Spleis

Les meir om årets TV-aksjon på denne lenkja: Lenkje TV- aksjonen 2025 Atlas- Alliansen- Sammen åpner vi dører! 

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.