Informasjon om vaksenvaksinasjonsprogrammet

Vaksenvaksinasjonsprogrammet er eit tilbod til innbyggarane om vaksine mot influensa, koronavirus og pneumokokksjukdom. For vaksinasjon mot influensa og koronavirus, omfattar programmet alle som er 65 år og eldre, samt barn og vaksne i risikogrupper. 

Bilde frå Krokavatnet i sol og snø - Klikk for stort bileteKrokavatnet. Illustrasjonsbilde vaksine 2025. Caroline Mo vik

 

 I tillegg får 65-åringar (fødd i 1960) tilbod om pneumokokkvaksine i vaksenvaksinasjonsprogrammet. Målet med vaksinasjonsprogram er å førebygga sjukdom og dødsfall.

Vaksenvaksinasjonsprogrammet er nytt frå hausten 2025. Det omfattar dei aller fleste som til vanleg tek influensavaksine og koronavaksine. Nytt i programmet er at årskull med 65-åringar skal tilbydast vaksine mot pneumokokksjukdom. Vaksiner vert levert til kommunen i løpet av veke 42, og er tilgjengeleg i veke 43.

På felles vaksinasjonsdagar er det berre personar som er omfatta av vaksenvaksinasjonsprogrammet som kan ta vaksiner. Det er eigne prisar for vaksinering for personar som er inkludert i vaksenvaksinasjonsprogrammet, som er fastsette av sentrale myndigheiter. Personar som er mellom 65 og 74 er av FHI ikkje definert som målgruppe for koronavaksine, men har likevel rett på koronavaksine i vaksenvaksinasjonsprogrammet.

Det vil bli sendt påminning til personar over 65 år som ikkje har nytta seg av vaksinasjonstilbodet. Denne vert send ut som SMS i midten av november. Det vert difor arrangert ein eigen vaksinasjonsdag etter dette.

Det er mogeleg å ta alle 3 vaksiner samstundes.

 

Risikogruppene er definert slik:

Influensavaksine:

  • Personar 65 år og eldre
  • Gravide etter 12. veke, og alle gravide i risikogrupper
  • Prematurt fødde barn frå 6 mnd til 5 år
  • Barn og vaksne i risikogrupper
    • Kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    • Hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert blodtrykk)
    • Diabetes type 1 og 2
    • Leversvikt eller nyresvikt
    • Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, særleg personar med nedsett lungekapasitet og/eller hostekraft
    • Nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (t.d organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt eller andre sjukdomar)
    • Svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • Annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko (t.d medfødde kromosomavvik, genetiske syndrom og samansette kromosomavvik)

 

Koronavaksine:

  • Personar 65 år og eldre. (Koronavaksine er berre tilrådd av fhi til 75+, men 65+ har likevel rett til vaksine i programmet.)
  • Personar 18-64 år i risikogrupper:
    • Kronisk lungesjukdom med nedsett lungesjukdom, inkludert astma
    • Kronisk hjarte/karsjukom med unnatak av velregulert blodtrykk
    • Diabetes, særleg pasientar med dårleg regulert diabetes eller seinkomplikasjonar
    • Kronisk alvorleg leversjukdom
    • Kronisk alvorleg nyresjukdom
    • Kronisk alvorleg nevrologisk sjukdom, særleg personar med nedsett funksjonsnivå, lungekapasitet og/eller hostekraft, t.d. multippel sklerose, cerebral parese, Parkinsons sjukom eller ALS
    • Nedsett immunforsvar grunna sjukdom og/eller immundempande behandling, t.d. ved organtransplantasjon, kreft, autoimmune sjukdomar
    • Personar mellom 6 mnd og 17 år med alvorleg grunnsjukdom (barn under 11 år bør vurderast individuelt av lege)
    • Gjennomført organtransplantasjon
    • Immunsvikt
    • Hematologisk kreftsjukdom siste 5 år
    • Annan kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta (siste 6 mnd) behandling mot kreft
    • Nevrologiske sjukdomar eller muskelsjukdomar som medfører nedsett hostekraft eller nedsett lungefunksjon
    • Kronisk alvorleg leversjukdom
    • Alvorleg lungesjukdom
    • Annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der Covid-19 utgjer ein alvorleg helserisiko (etter individuell vurdering av lege)

 

Gjennomføring av vaksenvaksinasjonsprogrammet i Kvam

Vaksenvaksinasjonsprogrammet vert gjennomført på felles vaksinasjonsdagar. For å gjera gjennomføring meir smidig, er det ønskjeleg med ei fordeling av personar frå bygdene for å unngå for stor pågang samtidig:

  • 23.10 i Øystese (Idrettshallen) kl. 0900 - 1500. Personar med postnummer 5610 og 5612.
  • 24.10 i Øystese (Idrettshallen). kl. 0900 - 1500.Personar med postnummer 5600 og 5620.
  • 03.11 i Ålvik (Folkets hus). kl. 0900 - 1300. Personar med postnummer 5612 og 5614.
  • 04.11 i Strandebarm (Idrettshallen Strandebarm skule) kl. 0900 - 1300. Personar med postnummer 5620, 5630 og 5632.
  • 18.11 i Øystese (idrettshallen) kl. 0900 - 1500. Oppsamling for alle.
  • Vaksiner i vaksenvaksinasjonsprogrammet vert også tilbudt på fastlegekontor. Kommunen brukar nasjonal oppgjersløysing hjå fastlege, og prisar er dei same her som på vaksinasjonsdagar. Merk at koronavaksiner er levert på hetteglas, og det vil vera naudsynt for fastlegekontora å samla opp pasientar for å få nytta alle vaksinedosar i eit hetteglas. Kontakt fastlegekontor for å få time til vaksinering.
  • Fellesvaksinasjon er berre for personar over 18 år. Barn mellom 6 år og 18 år får vaksine på fastlegekontor. Barn mellom 6 mnd og 5 år får vaksine på helsestasjonen

 

Prisar i vaksenvaksinasjonsprogrammet:

Pris for vaksine er avhengig av kva vaksiner ein tek:

  • Influensavaksine: 301 kr
  • Koronavaksine: 110 kr
  • Pneumokokkvaksine: 110 kr
  • Influensavaksine og koronavaksine: 386 kr
  • Influensavaksine og pneumokokkvaksine: 386 kr
  • Koronavaksine og pneumokokkvaksine: 170 kr
  • Influensavaksine, koronavaksine og pneumokokkvaksine: 471 kr

 

Vaksine til andre målgrupper:

  • Personar som ikkje er i målgrupper for influensavaksine og koronavaksine, men ikkje er omfatta av vaksenvaksinasjonsprogrammet, er ikkje omfatta av sentralt fastsett eigenbetaling for vaksiner. I praksis vil dette omfatta svært få personar. Målgrupper som ikkje er omfatta av vaksenvaksinasjonsprogrammet er personar som bur saman med immunsupprimerte, svinerøktarar og saneringspersonell som er i kontakt med influensasjuk tamfugl.
  • Vaksiner til personar i andre målgrupper, vert gjeve på fastlegekontor, evt på helsestasjon for barn mellom 6 mnd og 5 år. 
  • Pneumokokkvaksine utanom program omfattar fleire personar enn for influensavaksine og koronavaksine. Desse vert tilbydt på fastlegekontor. Fastlegekontora vil ha desse vaksinene tilgjengelege. Det er viktig at alle over 65 år og i risikogruppene tek pneumokokkvaksine kvart 6. år! Ta opp vaksinasjonsstatus med fastlegen din, eller logg deg inn på helsenorge.no for å sjå kor tid du sist tok pneumokokkvaksine. Risikogrupper for pneumokokkvaksine finn du her: Pneumokokkvaksine – håndbok for befolkningen - FHI


Vaksine til personar som ikkje er i vaksenvaksinasjonsprogrammet eller målgrupper:

Dei som ikkje er inkludert i vaksenvaksinasjonsprogrammet eller FHI sine tilrådde grupper må ha resept frå fastlege på vaksine.

Influensavaksine kan også takast på apotek.

 

Behov for tilrettelegging?

Ta kontakt med fagsjukepleiar Maria Rykkje tlf. 908 16 672 om du har behov for særskilt tilrettelegging av vaksine.

_________

Spørsmål og svar om vaksenvaksinasjonsprogrammet finn du her!

Les meir om vaksenvaksinasjonsprogrammet på FHI sine sider.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.