Sinnemeistringkurs

Kvam herad startar no opp eit gratis kurs i sinnemeistring.

Kurset er eit tilbod til kvinner og menn som har utfordringer med sinne og vald mot sine nærmaste, det kan vera born, partner eller andre nære relasjonar. I tydinga av vald her meiner me både psykisk og fysisk vald.

Kompetente terapeutar

Hjå oss møter du sinnemeistringterapeutar som jobbar saman med deg for å endra sinne- og valdsatferd. Behandling skjer ved å verta medviten korleis tankar, kjensler og åtferd heng i hop.

Fyrst har me individuelle samtaler. Deretter er vidare behandling i gruppe.  Gruppebehandling har vist seg å vera effektiv til å redusera sinne og vald. 

Gruppebehandlinga vert sett til ein fast vekedag i 15 veker samanhengande, i Norheimsund. Tidspunkt vert tilpassa kvardagen til gruppedeltakarane. 

Alle har gjensidig teieplikt.

Tilbodet er gratis.

Kontakt og påmelding

Ta kontakt med ein av våre terapeutar i avdeling rus og psykisk helse for spørsmål eller påmelding.

  • Aslaug Laupsa Harrang tlf. 912 40 898 
  • Guro Torpe tlf. 905 50 286 

 

Oppstart av kurs vert på nyåret i 2027. Ta kontakt om du vil vera med på kurset. 

Meir om sinnemeistring

Meir informasjon om behandlinga på www.sinnemestring.no