Skåratjørn, kjelda til Vikøy vassverk.
Bakgrunn for overtakinga
Ynskje om kommunal overtaking har vore framme fleire gonger, og vart blant anna drøfta på årsmøtet i vasslaget i 2017. Arbeidet med overføring starta for alvor i 2019/2020.
I fyrste omgang vart det inngått ein driftsavtale der Kvam herad tok ansvar for drift og vedlikehald, for å bli kjent med anlegget. I denne perioden var det fleire kokevarsel. Etter dette vart det gjennomført nødvendig ombygging og sikring av vassverket, før kommunen kunne ta over drifta.
Det har vore halde mange møte mellom partane, og ein har gradvis nærma seg målet om kommunal overtaking. Avtalen har vore forankra både i heradsstyret og i styret/årsmøtet i Vikøy vasslag. Den formelle overtakinga vart gjennomført 11. desember 2024. Etter dette har ein arbeidd med å ferdigstille grunnavtaler, og dette arbeidet er no avslutta. Ansvaret er dermed overført til Kvam herad.
Vikøy vasslag har hatt ansvar for å informere sine abonnentar om prosessen. Det er også avklart kva som er skiljet mellom privat leidningsnett og det som no er kommunalt.
Kva skjer vidare?
I tråd med avtalen skal Vikøy vasslag betale eit samla anleggsbidrag for å kunne knyte seg til Kvam vassverk via ein ny leidning. Kvam herad skal bygge denne leidningen, og planlegginga startar i 2026.
Frå 1. januar 2025 skal abonnentane i Vikøy betale vassavgift til Kvam herad. Vassavgifta er delt i to, eit fast gebyr og eit gebyr for forbruk.
Alle abonnentar betalar eit fast beløp for vatn, som er likt for alle.
Abonnentar utan vassmålar vil få eit årleg gebyr basert på stipulert forbruk. Dette vert berekna ut i frå størrelsen på huset.
Abonnentar med vassmålar vil betale etter faktisk forbruk. Vassmålar skal lesast av i mai og november kvart år. I tillegg vil alle få eit eingongs tilknytingsgebyr, slik som andre nye kommunale abonnentar.
Oversikt over kommunale vassgebyr finn du her på gebyrlista.
Faktura vert sendt ut i løpet av hausten.
Nye abonnentar
Dei nye abonnentane frå Vikøy vert no tilknytt med dei same vilkåra som gjeld for andre vassabonnentar i Kvam herad.
Kvam herad ynskjer alle dei nye abonnentane velkomne!