Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Midlertidig stenging av den gamle heisen på rådhuset Den gamle heisen på rådhuset (like ved resepsjonen) skal utbetrast.
Offisiell opning av NAV Kvam Onsdag 26. april var det endeleg duka for offisiell opning av NAV sine nye lokal på Kvam familie- og læringssenter (KFL) i Norheimsund.
Vil du bli valfunksjonær? Kvam herad har eit stort behov for valfunksjonærar til årets kommunestyre- og fylkestingsval.
Ungdommeleg dugnad for ei inkluderande fritid i Kvam Torsdag 13. april tok ungdommen "over" Rådhuset, i alle fall Heradstyresalen og kantina. Høve var ALLEMED dugnad 2023.
Frå uro til handling Kva gjer du dersom du kjenner uro for eit barn? Kanskje du har ei magekjensle av at det er noko som plagar barnet, men du veit ikkje heilt korleis du ...
Ein kikk attende Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS (IKAH) har digitalisert eldre arkiv frå både gamle Vikør herad (som vart til Kvam i 1911) og frå tidlegare Strand...
Ungdom forska på eigen skulekvardag Gjennom hausten og på nyåret har elevar ved Kvam ungdomsskule og Strandebarm skule hatt fokus på medverknad og forsking i prosjektet Juniorforskar.
Får du ikkje SMS- og telefonvarsling frå oss? Me ynskjer å nå flest mogleg og nyttar derfor SMS- og telefonvarsling.