Kokeanbefaling i Norheimsund og Øystese oppheva

Vassprøvar teke grunna vasslekkasje og trykklaust vassledingsnett er no godkjent og kokeanbefaling er dermed oppheva.

Ved spørsmål kontakt vakt for vatn og avløp på tlf 56553400.

Får du ikkje SMS- og telefonvarsling frå oss?

Me ynskjer å nå flest mogleg og nyttar derfor SMS- og telefonvarsling.

bilde av ei trdukkehand med ein smarttelefon i handa som syner sms varsel frå Kvam herad. - Klikk for stort bileteSMS- og telefonvarsling frå Kvam herad kan sjå slik ut

Formål

  • Kvam herad ynskjer å kunne varsla deg ved hendingar eller arbeid som fører til stenging av vegar eller vass- og avlaupsleidningar.
  • Me ynskjer å nå flest mogleg og nyttar derfor SMS- og telefonvarsling.
  • Kommunen kan nytte varslingstenesta  i samband med ei beredskapshending eller varsling av uvær

Kvifor får eg ikkje varsel?

  • Har du flytta nyleg? Telefonen må vera registrert på di bustadadresse.
  • Har du mobilen registrert på arbeidsgjevar?
  • Har du hemmeleg nummer?
  • Har du reservert deg for nummeropplysning?
  • Har du fått nytt mobilnummer?

Kva kan du gjera?

  • Oppdater dine opplysningar og meld alltid flytting til Folkeregisteret.
  • Kontroller dine eksisterande opplysningar
  • Har du jobbtelefon eller hemmeleg nummer, registrer ditt telefonnummer i vårt tilleggsregister: UMS Population Alert. Då vil ditt telefonnummer verta inkludert i varslingar som vedkjem deg. Tilleggsregisteret er konfidensielt og vert berre nytta til dette føremålet.

Les meir om SMS- og telefonvarsling her.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.