Opningstale
NAV leiar i Kvam, Sigrid Karin Dolve var fyrste talar ut under opninga og kunne fortelja dei frammøtte om korleis prosessen kring flyttinga har gått føre seg. Ho skryt mykje av alle som har vore involverte frå eigne tilsette, Kvam herad og godt samarbeid med statleg part NAV Vestland og deira representant i eigedomsavdelinga Trond Angeltveit.
Flytteprosessen vart starta av dåverande leiar i NAV Kvam Terje Langeland og overteken av Dolve. Dolve tok over som konstituert leiar i NAV 1. januar, då Langeland gjekk over som helse- og omsorgssjef i Kvam herad. Ho vart tilsett i same stilling 1. mars 2023.
Rådmannen takkar
Etter Nav-leiar Dolve, var rådmann Anita Hesthamar neste på talarlista. Ho opna med at: det no kjennest veldig godt å endeleg få dykk “innom-hus”, i det me har ønskja skal vera trygge og gode rammer. At rammene skal vera trygge, har nok hatt eit ekstra fokus, men eg må seia at eg fyrst og fremst vert slått av at det har vorte veldig flotte, moderne og trivelege arbeidsplassar, med ein fargeskala som eg gjerne kunne tenkt meg på eige kontor.
Ho takka alle medarbeidarane i NAV Kvam og drog særskilt fram at dei har fått til ei problemfri flytting, samstundes som dei klarte å oppretthalda tenestetilbodet. Det har vorte gjort ein kjempejobb med gamalt arkiv og imponerande innsats med gjenbruk i flyttinga.
Hesthamar trekte også fram det gode samarbeidet med den statlege partnaren NAV i prosjektet. I eigne rekker rosar ho Stein Rykkje som raskt skisserte opp og fann løysingar. I tillegg til byggjeleiar Gisle Gravdal og gode lokale leverandørar som til dømes Fuglafjell AS, som har vore med på laget.. Ho retta ein stor takk til alle for innsatsen som er lagt ned for å få levert desse nesten 500 flotte kvadrata – og det i tide.
Med rådhuset og KFL-bygget, har me no to bygg tett i tett som er fulle med høg kompetanse og stort engasjement for å yta velferdstenester til innbyggjarane i Kvam - med litt ekstra hjarta for dei som treng det mest.
Som representant for utleigar ynskte Hesthamar hjarteleg velkomen inn i det som ho håpar vert eit langvarig og godt leigeforhold og gratulerte som rådmann med flotte lokale som ho vonar vert ein god plass å opphalda seg på for alle.
Direktør i NAV Vestland
Til slutt var det direktør for NAV Vestland Anne Kverneland Bogsnes som ville seie nokre ord. Bogsnes rosa også det gode samarbeide, ein flott innsats frå alle innvolverte og eit resultat ho må innrømme at ho er noko misunneleg på. NAV Kvam har fått seg fargefine, behagelege lokal som er tilrettelagt for dei som skal yta gode tenester her. Ho er spent på å sjå korleis dette igjen kan påverke resultata på tenestene ved så gode lokal seier ho, og humrar litt.
Det er ikkje for ofte me byggjer nye NAV kontor og då er det godt å gjere erfaringa at det kan gjerast effektivt og ryddig frå start til slutt, nesten innanfor budsjett.
Snora er knytt, NAV Kvam er offisielt opna
Så var det tid for snorklipping eller knyting av snor som ein valte å gjera på her for å markere opninga. Etter dette følgde snittar og kake til dei frammøtte i tillegg til at alle kollegaer på rådhuset var invitert frå kl 13 til ope hus og omvising i dei nye lokala.
Dolve om NAV Kvam
Det er godt for Sigrid Karin Dolve og kunne seia at dei nye lokala ikkje berre er fine og behagelege, men også sikre og trygge for dei omkring tjue tilsette på NAV Kvam. “Her vert teieplikta ivareteken på korrekt måte, slik det skal vera. Det er tilpassa dagens NAV, og det synest me er svært viktig. Resultatet av dette er tilsette som trivest i kundemottak og det kjem igjen brukarane våre til gode.”
Om å besøkja NAV Kvam
Inngangen til NAV Kvam finn du i enden på KFL bygget. Her er det skilta både med NAV skilt og opningstider, og her er eiga gjesteparkering. “Slik det fungerer hjå oss, må du stort sett avtala møter”, fortel NAV leiaren. “Me har to drop-in tider/dagar, og det er klokka 12:00 – 14:00 tysdag- og torsdagar.”
Lenke til Nav Kvam på Kvam herad si nettside