Ungdom forska på eigen skulekvardag

Gjennom hausten og på nyåret har elevar ved Kvam ungdomsskule og Strandebarm skule hatt fokus på medverknad og forsking i prosjektet Juniorforskar.

Kvam ungdomskule

I februar var det presentasjon av resultata frå juniorforskarprosjektet på Kvam ungdomsskule. Her var både medelevar, tilsette på skulen, administrativ leiing og politikarar i Kvam inviterte til å høyra elevane si stemme. Ved Kvam ungdomsskule er det 9. trinn som har gjennomført Juniorforskarprosjektet. Utgangspunktet for forskinga er resultat frå elevundersøkinga som mellom anna viste at mange elevar keiar seg på skulen.

Bilde av elevar som presenterer forskninga si ved Kvam ungdomskule - Klikk for stort biletePresentasjon i mulitsalen på Kvam ungdomskule.


Elevane forska mellom anna på spørsmål kring:

  • lekser
  • motivasjon
  • stress
  • undervisningsmetodar
  • friminutt.

Elevane har arbeidd i gruppe med forskinga si, og fleire la fram arbeidet sitt og resultata dei var kome fram til i multisalen. Etter presentasjonen kunne tilhøyrarane få vandra rundt i korridorane, sjå på flotte veggaviser og fritt spørja elevane om både innhald i forskinga og resultata dei var kome fram til.

Tilhøyrarane let seg imponera over ivrige, reflekterte og dyktige ungdomar som tydelege la fram det dei hadde kome fram til i arbeidet. Mange av elevane synest det hadde vore ein spanande prosess. Nokon hadde fått stadfesta det dei sjølv meinte og trudde på førehand, medan andre var litt overraska over svara.

Bilde av seks jenter som er elevar ved Kvam ungdomskule - Klikk for stort bileteFornøgde juniorforskarar frå Kvam ungdomskule. Frå venstre Irene Aksnes Celina Huun, Madelene Botnen, Ariel Stryker-Vassnes, Ingeborg Lindøy og Mathea Mongstad.

Eigne erfaringar

Dei seks jentene Irene , Celina, Madelene, Ariel, Ingeborg og Mathea (bilde over f.v.) kunne gje mange ulike eksempel på kva som har vore bra med å gjennomføra juniorforskarprosjektet. Dei er samstemte på at det å ta ansvar, velge sjølv og å forska på jamgamle medelevar - var både spennande og nyttig. 

Det er bra om me faktisk kan bidra til endring, seier Celina.

Me lærte om ulike metodar for å finna svar, til dømes vart me betre på å stilla gode spørsmål i spørjeundersøkingane. Då me byrja vart det litt mykje ja/nei spørsmål. Når spørsmåla vart betre, vart det enklare å sjå tydelege resultat. Me har også utført intervju, så me har henta inn både kvalitative og kvantitative fakta - kjem det frå ei av dei. 

Nokon av funna som går igjen omhandlar lekser og friminutt. Elevane vil gjerne ha lengre friminutt og lekser i skuletida. Det handlar både om det sosiale, men også om motivasjon og engasjement. Det er demotiverande å koma heim etter ein dag på skulen og sette seg ned med endå meir skulearbeid. 

Kva er de villige til å bidra med for at dette skal kunne bli ein realitet? 
Me er villige til å ha lengre dagar på skulen, om det betyr at me får lengre friminutt og lekser i skuletida i staden for heime. 

Vår utfordring er å la oss få prøva det! Me trur at utan lekser vert me meir motiverte. 

Det å halde presentasjon for alle frammøtte i multisalen vart ei god erfaring. Elevane var trygge på innhaldet som skulle presenterast, då dei hadde forska dette fram på eiga hand. Til og med spørsmål som kom i etterkant av presentasjonen gjekk det greit å svara på.

Neste steg

Det har vore litt stille kring dette etter presentasjonane i multisalen 9. februar. Det er vårt ansvar å ta dette vidare, kanskje til elevrådet og å minna lærarane på det. Me må halde fram med å snakke om korleis me ynskjer å ha det på skulen.

Det var mykje som skjedde den dagen me presenterte i multisalen, me fekk ikkje sett på alle presentasjonane, så kanskje me kunne ha presentert for kvarandre og diskutert det vidare i klasserommet. Det hadde vore veldig bra om me kunne få prøve ut i praksis det me har funne ut at kan gjerast annleis.

Juniorforskarprosjektet har vore ein kjekk måte å læra på - er jentene samde om. Dei fortel at dei har satt pris på å få sei si meining og tenker det er bra at elevane sjølve kan bidra til eiga læring. Dei trur at dette igjen kan føra til at skulen vert bedre.

Strandebarm skule

I Strandebarm vart prosjektet gjennomført i januar. I tillegg til lekser, forska elevane her mellom anna på kva måltid og fysisk aktivitet har og sei for motivasjonen i skulekvardagen. Erfaringane i Strandebarm har vore gode melder Audhild Ljones som har oppsummert saman med lærarane.

Lærarane er nøgde med god opplæring i forkant av prosjektet. Dei fortel av det var positivt at elevane fekk forska på saker knytt til skuledagen som dei er opptatt av. I tillegg var det positivt at elevane måtte argumentera for sakene sine. I Strandebarm vart presentasjonane gjennomført ved at ein gjekk frå klasserom til klasserom, der elevar stod klare til å presentera funna sine. Alle deltok på presentasjonane og dei stod klare når nokon kom innom, det heile var godt organisert i følge lærarane. Elevane fekk god trening i framføring då dei presenterte forskinga si fleire gonger.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Evaluering

Nyleg var Ingrid Holsen med studentar frå Universitetet i Bergen på besøk til både Kvam ungdomskule og Strandebarm skule. Dei har gjennomført både elev- og lærarintervju blant eit utval elevar og lærarar. Deira oppgåve er å skriva ein evalueringsrapport frå prosjektet.

Kva er Juniorforskarprosjektet?

Det er andre gongen juniorforskarprosjektet vert gjennomført i Kvam. Prosjektet  vart teke opp som eit 3-årig prosjekt i Program for folkehelsearbeid i kommunane, og vert gjennomført i samarbeid med HEMIL-senteret (UiB). 

Prosjektet “Juniorforskar” byggjer på ein etablert metode kalla “Youth Participatory Action Research” (YPAR). Målet er å bidra til positiv ungdomsutvikling og å gjera ungdom engasjert i å skapa endringar i eigne liv og i samfunnet gjennom medverknad. Prosjektet gjev elevane nokre verktøy, samt nyttige erfaringar som kan styrka deira syn på kva ungdommar kan få til. Dei kan få kjensla av at dei er ein viktig del av samfunnet, der det er dei sjølve som er ekspertar på eigne liv der deira stemme er viktig!

Ungdomskuleelevane i Kvam har forska og presentert resultata sine. Dei viser tydeleg at dei har meningar om kva grep som kan gjerast for at ungdom kan verta meir motivert i skulekvardagen. Arbeidet dei har gjort er mange viktige stemmer inn og bør vera eit bidrag inn i eigen kvardag.

Juniorforskarprosjektet er tett knytt opp til Kunnskapsløftet 2020. Det at elevane skal få tid til djupnelæring og ein betre samanheng mellom faga er døme på dette.

Les meir om juniorforskarprosjektet her.

* Bilda er delt med løyve frå avbilda personar.