Ungdommeleg dugnad for ei inkluderande fritid i Kvam

Torsdag 13. april tok ungdommen "over" Rådhuset, i alle fall Heradstyresalen og kantina. Høve var ALLEMED dugnad 2023.

bilde frå ungdommar i heradstyresalen - Klikk for stort bileteUngdomsrådet arrangerer ALLEMED dugnaden

Bakgrunn

"ALLEMED er en arbeidsmodell og et gratis nasjonalt verktøy som skal gjøre det lettere for deg å inkludere alle barn og unge i fritidsaktivitet, uavhengig av familiens økonomi. Verktøyet brukes til å skape diskusjon og finne gode løsninger på hva dere kan gjøre for å få alle med. Bli med og gjør en forskjell! Lenke til ALLEMED finn du nedst i artikkelen.

ALLEMED-ung i Kvam

Ungdomsrådet har samarbeidd med administrativ rådgjevar Kari Weltzien Vik, fritidskoordinator Kristin Lundblad,  og BTI-koordinator Ingunn Hildonen Teigland skipa til ALLEMED ung-dugnad. Det er  Ungdomsrådet som har ansvaret for gjennomføringa av sjølve dugnaden, og det var tidleg bestemt at det var ønskeleg at dei vaksne hadde ein tilbaketrekt rolle her. Ungdomane i ungdomsrådet har vore delt inn i ulike grupper med ansvar for teknikk, praktisk gjennomføring og gjennomgang av oppgåver og case.

Ungdommane har i planleggingsfasen sett seg inn i temaet inkluderande fritid. Ei gruppe hadde også ansvar for ein presentasjon omkring fritidssatsinga i Kvam, og kunne fortelja deltakarane om Kvam si eiga Fritidserklæring, som vart vedteke av  heradsstyret i slutten av mars. 

Det er invitert inn ungdomar frå elevråda ved ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane i Kvam og representantar frå ungdomsbasen som alle møtte fram med representantar på rådhuset.

Gjennom ein ALLEMED ung-dugnad lærer ungdomane om kvifor ikkje alle barn og unge deltek på fritidsaktivitetar. Det kan vera ulike hindringar for at barn og unge er aktive på fritida, og økonomi er ei av dei vanlegaste hindringane. I dugnaden finn ein løysingar for at alle kan verta med og  korleis ein kan få det til, mellom anna gjennom case-drøftingar.  

Program ALLEMED UNG- dugnaden 13.4.2023 kl. 10.00-13.00:

  • Velkomen v/ Ida og Malene
  • Orientering om Fritidserklæringa i Kvam V/Victoria og Vegard
  • Isfjellet. Orientering og gjennomgang ved Isak og Sara
  • Gruppearbeid (case 1,2 og 3.) Ida informerer og Malene er ordstyrar
  • Gruppearbeid (case 4, 5 og 6) Ida informerer og Malene er ordstyrar
  • Lunsj kl. 12.00- 12.30
  • Kl. 12.30- 13.00 Oppsummering v/ Malene

Ungdomsrådsrepresentantar om dagen så langt

I pausen halvvegs i gruppearbeidet kunne dei fire jentene (bilde under, bak frå venstreVictoria Høyland, Ida Djupevåg, (framme frå venstreMalene Utskot og Sara Petrine Coucheron Fykse fortelje at dei var imponert over mange frammøtte og engasjerte ungdomar, alle begynte å snakke saman og koma med løysingar på kort tid. Det er elevar frå nesten alle skulane i Kvam, med einaste Framnes KVGS som unntak. Me snakkar om korleis ein kan få alle med på aktivitetar utan omsyn til utstyr og økonomi.

Det er fyrste gong ungdomsrådet arrangerer dette sjølv, men dei vil påpeika at dei har fått god hjelp. Det vert litt småfeil, som å ikkje dele ut korrekt ark til rett case, men det går bra.

Slike dagar er kjekt å vera med på, det er bra at ungdom stiller opp og engasjerer seg i diskusjon og gruppearbeid. Jentene håpar dagen held fram slik den har gjort så langt.

bilder av fire jenter frå kvam u. råd på trappa i resepsjonen på rådhuset - Klikk for stort bileteEi lita statusoppdatering frå Ungdomsrådet på korleis dugnaden går

Deltaking på fritidsaktivitetar

Sidan me i Kvam allereie har kome eit godt stykke på veg når det gjeld å byggja ned hindringar for deltaking på fritidsaktivitetar, så har me valt å laga våre eigne case, fortel Kristin Lundblad. Me ynskjer at casa skal vera basert på dei hindringane for deltaking som  barn og unge i Kvam opplever. Problemstillingane som vert presentert har utgangspunkt i innspel og erfaringar frå ungdommar i Kvam. 

Nokre av dei hindringane som er mest aktuelle er:  

  • Å ikkje ha naudsynt utstyr til å delta på aktivitetar  

  • Å ikkje ha råd til å vera med på cup og tur 

  • Å vera einsam og ikkje ha nokon å gå med  

  • Å ikkje finna plassen sin i organisert aktivitet  

  • Mangel på tilrettelagde uformelle møtestader 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Ungdomane hadde mange gode refleksjonar i caseøvingane. Løysingsforslaga handla om kva ungdomane kan gjera sjølve og for kvarandre, kva foreldra kan gjera, korleis skulen kan bidra og kva ordningar kommunen kan laga til, fortel Lundblad etter dugnaden.

bidler frå dugnaden i Heardstyresalen på rådhuset - Klikk for stort bileteBilde frå dugnaden i Heardstyresalen på rådhuset

 

Les meir om ALLEMED på denne lenka.